Transportselskapet Kvikkas med hovudkontor i Ålesund skal no levere laurdagsavisene.
Posten er sterkt kritisk til avgjerda, skriv Klassekampen.
– Kvikkas har, slik vi ser det, ikkje dokumentert at dei er i stand til å gjera oppgåva. Samferdselsdepartementet burde difor avvist tilbodet deira, seier kommunikasjonsdirektør Elisabeth Gjølme i Posten til avisa.
- Les også:
– Skal vise dei noko anna
Kvikkas, eit firma med åtte tilsette basert i Ålesund, har med seg Nordpost som underleverandør. Selskapet seier dei forstår at Posten klaga på tildelinga, men legg til at dei ikkje burde undervurdera Kvikkas.
– Viss Posten meiner vi er ueigna, så skal vi visa dei noko anna, seier dagleg leiar Stig Kleive.
Dei to selskapa var dei einaste som la inn tilbod på tilbodskonkurransen blei utlyst 21. januar. Kontrakten gjeld i to år frå november. Postomdeling på laurdagar tok slutt 28. januar. Sidan den gongen har posten hatt ei mellombels ordning, men denne blir lagt ned i november.