Hopp til innhold
Leiteaksjon i Herøy
Foto: Carl-Henrik Moltumyr

Sakna 18-åring i Herøy

  • Savnede som er funnet

    Politiet bekrefter at det er den savnede 18-åringen som er funnet omkommet i Herøy. – Dessverre fikk saken et tragisk utfall, men når det først gikk slik, var det viktig for oss å finne den omkomne, sier konstituert politimester Ingmar Farstad.

  • Har funne ein død person

    Klokka 1210 blei ein død mann funne ved ein holme like sør for Nautøya i Herøy. Funnet vart gjort i samband med leiting etter den sakna 18 år gamle David Tarberg frå Moltustranda. Politiet har førebels ingen sikker identifisering av den omkomne.

  • Leitinga held fram torsdag

    Leitinga etter den sakna 18-åringen frå Moltustranda i Herøy går torsdag over ein ny fase, melder politiet i ei pressemelding. – Torsdag vil vi gjennomføre strandsøk i området på og ved Moldtustranda og søk med fjernstyrt undervassfartøy med videokamera i sjøen mellom anna i Moltuvika, seier konstituert politimeister Ingmar Farstad. Røde Kors-mannskap er på plass når søket startar klokka ni torsdag morgon. Det er også frivillige frå den lokale kajakk-klubben. Etter alt å dømme vert ei redningsskøyte frå redningsselskapet med i leitestyrken torsdag. Farstad understrekar igjen at politiet ikkje har gitt opp håpet om at 18-åringen skal kome til rette i live.

  • Finsøk pågår i Herøy

    Over 100 kvinner og menn er no med på leitinga etter ein sakna 18-åring i Herøy. Dette er frivillige, samt politi, Røde Kors, Heimevernet og Norske Redningshundar. – Det er finsøk som pågår, og vi leitar etter eit system, men har lite informasjon å gå på, seier innsatsleiar Geir Helge Odneram.

    Leiteaksjon i Herøy
    Foto: Carl-Henrik Moltumyr
  • Blir leita også 2.juledag

    Leiteaksjonen etter ein sakna 18-åring ga heller ikkje natt til 2.juledag noko resultat. Det inneber at den blir tatt opp igjen med full stryke når det blir lyst. I tillegg til politiet er også Heimevernet og frivillige organisasjonar med på leitinga. – Det blir finsøk i hovudsak i Herøy, seier operasjonsleiar Tove Anita Asp.

    Røde Kors bidreg i leiteaksjonen på Moltustranda i Herøy
    Foto: Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL