Hopp til innhold

Avsluttar leiteaksjonen etter sakna 18-åring

I snart tre døgn har leitemannskap søkt nøye gjennom området utan funn. Politiet opplyser at dei avsluttar søket, men vil halde fram med etterforsking.

Leiteaksjon på Moltustranda

FRAMLEIS SAKNA: Etter fleire dagar med intens leiting har ingen funne 18 år gamle David Tarberg.

Foto: Kart / Privat

– Vi har bestemt å avslutte søket. Vi meiner at det aktuelle området no er så god søkt gjennom som det lar seg gjere, seier John Bratland i politiet tysdags kveld.

David Tarberg (18) var saman med kompisar på Moltustranda på Sunnmøre natt til 23. desember. Sidan har ingen sett han.

Leiteaksjon i Herøy

OMFATTANDE SØK: Det har blitt leita over alt i det aktuelle området. Både løer og kratt har blitt søkt gjennom.

Foto: CARL-HENRIK MOLTUMYR

Rosar dei frivillige

Røde Kors, redningshundar, heimevernet, dykkarar frå brannvesenet, luftambulansen sitt helikopter og eit stor tal frivillige frå nærmiljøet. Lista over dei som har søkt er lang.

– Vi har leita med full styrke og vel så det. Folk har møtt opp, trassa vêr og vind, og gjort ein kjempeinnsats.

– Vi er utruleg glade for at vi har fått så god hjelp. Vi har gjort ein så god jobb som vi kan gjere, og kunne ikkje gjort det så godt aleine, seier Bratland.

Leiteaksjon Sandvika/Tjørvåg i Herøy kommune CLOSER

– Skal jobbe vidare, og vil framleis ha tips

Det har blitt søkt i eit avgrensa område. Politiet fekk tips om at den sakna blei observert der, natt til 23. desember rundt klokka 3.30.

– Sjølv om søket er avslutta vil det bli jobba vidare med etterforsking og etterretning, understrekar Bratland.

Laster Twitter-innhold

Politiet seier at dei framleis er interessert i tips som kan hjelpe etterforskinga vidare.

– Vi har fått mange gode tips fram til no, og det er viktig å presisere at vi framleis er interessert i eventuelle tips, opplysningar og observasjonar.

Leiteaksjon i Herøy

TETT TERRENG: Store delar av søket har vore i tett terreng. Politiet gir ros til alle som har hjelpt dei, og seier søker er gjennomført så godt som det lar seg gjere.

Foto: Carl-Henrik Moltumyr