Hopp til innhold

Vil fortsette å leite etter sakna 18-åring

Leitinga etter den sakna 18-åringen frå Moltustranda i Herøy går torsdag over ein ny fase.

Leiteaksjon i Herøy

HELD FRAM: Det har blitt gjort omfattande søk etter den sakna 18-åringen på land i jula. Helikopter har vore med å leita i fleire dagar. Leiteaksjonen held fram torsdag og politiet vil leite etter den sakna i sjøen.

Foto: Carl-Henrik Moltumyr

– Etter eit resultatlaust søk etter den sakna på land gjennom heile jula, har vi i dag brukt dagen på å planlegge eit søk etter den sakna i sjøen, seier konstituert politimeister Ingmar Farstad i Møre og Romsdal politidistrikt. Søket startar klokka ni torsdag morgon.

David Tarberg (18) var saman med kompisar på Moltustranda på Sunnmøre natt til 23. desember. Sidan har ingen sett han.

Leiteaksjon Sandvika/Tjørvåg i Herøy kommune CLOSER

Skal søke i sjøen

Tysdag kveld opplyste politiet at dei avslutta søket og ville halde fram med etterforsking.

Men etter å ha drive taktisk etterforsking gjennom avhøyr og innkomne tips, samt hatt ei rekke møter både i politidistriktet og eksternt i politiet, har dei onsdag kveld bestemt å halde fram leiteaksjonen torsdag.

– Vi startar opp i morgon med å søke etter ein antatt omkomen, i tilfelle saka har enda på det mest tragiske viset. Men det betyr ikkje at vi utelukkar at han framleis er i live, seier Farstad.

Torsdag vil politiet med hjelp av Røde Kors-mannskap, frivillige frå den lokale kajakk-klubben og truleg ei redningsskøyte frå redningsselskapet gjennomføre strandsøk på og ved Moltustranda. I tillegg vil dei utføre søk med fjernstyrt undervassfartøy med videokamera i sjøen mellom anna i Moltuvika.

– Vil framleis ha tips

Det har blitt søkt i eit avgrensa område rundt Sandvika og oppover terrenget ved ein tursti som går til Tjørvåg i Herøy kommune. Politiet fekk tips om at den sakna blei observert der, natt til 23. desember rundt klokka 3.30.

– Etterforskinga held fram for fullt for å finne han, difor ber vi folk som trur dei har opplysningar som kan hjelpe oss med å finne han om å ta kontakt snarast, seier Farstad onsdag kveld.

Leiteaksjon i Herøy

TETT TERRENG: Store delar av søket har vore i tett terreng. Politiet gir ros til alle som har hjelpt dei, og seier søket er gjennomført så godt som det lar seg gjere på land.

Foto: Carl-Henrik Moltumyr

Rosar dei frivillige

Røde Kors, redningshundar, heimevernet, dykkarar frå brannvesenet, luftambulansen sitt helikopter og eit stor tal frivillige frå nærmiljøet. Lista over dei som har søkt er lang.

– Vi har leita med full styrke og vel så det. Folk har møtt opp, trassa vêr og vind, og gjort ein kjempeinnsats, sa John Bratland i politiet tysdags kveld etter at dei bestemt å avslutte søket.

– Vi er utruleg glade for at vi har fått så god hjelp. Vi har gjort ein så god jobb som vi kan gjere, og kunne ikkje gjort det så godt aleine, sa Bratland.

Leiteaksjon på Moltustranda

FRAMLEIS SAKNA: Etter fleire dagar med intens leiting har ingen funne 18 år gamle David Tarberg.

Foto: Kart / Privat