– Det har vore søkt etter den sakna heile dagen og kvelden, men det har ikkje gitt noko resultat, seier operasjonsleiar Tor André Gram Franck til NRK like før klokka 23.00 måndag kveld.
David Tarberg (18) var saman med kompisar på Moltustranda på Sunnmøre natt til 23. desember. Sidan har ingen sett han.
Heilt sidan han blei meldt sakna laurdag ettermiddag har politiet søkt etter 18-åringen. og blei meldt sakna laurdag ettermiddag. Måndag møtte fleire frivillige opp for å hjelpe til i leiteaksjonen.
– Vi har søkt i området mellom Moltustranda og Tjørvågen. Også dykkarar har søkt i elva på Moltustranda, seier Franck.
Søket etter 18-åringen held fram også natt til tysdag, men med forminska styrke. Tysdag morgon vil igjen store styrkar frå Heimevernet, politiet og Røde Kors leite etter den sakna David Tarberg.
– Vi leitar med tanke på å finne han i live, seier Franck.
Politiet vil ha tips
58 personar frå Røde Kors og fire hundepatruljar har vore på plass i Herøy måndag for å leite, og luftambulansen har også vore til stades for å søke i terrenget, opplyste politiet til NRK måndag klokka 12.30.
– No leitar vi i eit område frå Sandvika og oppover i terrenget. Det blei gjort observasjonar i går, som kan tyde på at den sakna kan ha vore der forklarer oppdragsleiar i politiet Svein Harsjøen.
– Vi er interessert i observasjonar på ein tursti frå Sandvika som går i retning Tjørvåg, legg han til.
LEITAR: Nærmare 100 personar har engasjert seg i leiteaksjonen, som har gått føre seg i tett terreng. Både frivillige, Røde Kors, hundepatruljar har leita.
Foto: Carl-Henrik MoltumyrPolitiet har ikkje opplysningar som tydar på at det skal ha skjedd noko kriminelt.
Starta så snart det blei lyst
Oppdragsleiar i politiet Svein Harsjøen sa måndag føremiddag at det var ein betydeleg auke i mannskap då dei sette i gang med søk klokka 10.00.
Natt til første juledag har det ikkje vore søkt med mannskap, men politiet har gått gjennom tips.
OVER ALT: Leitemannskapet har også sjekka løer i området mannen skal ha blitt observert.
Foto: CARL-HENRIK MOLTUMYRPolitiet vil ha tips
Politiet seier dei har fått inn nokre tips dei siste dagane, men at dei framleis vil ha kontakt med folk som kan ha informasjon.
Dersom nokon har sett guten bes dei ta kontakt med politiet på telefonnummer 02800.
Politiet har også bedt folk på Moltustranda om å sjekke eigedomane sine.
18-åringen er 183 centimeter høg og var ikledd ei blå jakke, opplyser politiet.
HELIKOPTER: Det har blitt leita med helikopter begge dagane.
Foto: Carl-Henrik Moltumyr