Hopp til innhold

Leitinga held fram torsdag

Leitinga etter den sakna 18-åringen frå Moltustranda i Herøy går torsdag over ein ny fase, melder politiet i ei pressemelding. – Torsdag vil vi gjennomføre strandsøk i området på og ved Moldtustranda og søk med fjernstyrt undervassfartøy med videokamera i sjøen mellom anna i Moltuvika, seier konstituert politimeister Ingmar Farstad. Røde Kors-mannskap er på plass når søket startar klokka ni torsdag morgon. Det er også frivillige frå den lokale kajakk-klubben. Etter alt å dømme vert ei redningsskøyte frå redningsselskapet med i leitestyrken torsdag. Farstad understrekar igjen at politiet ikkje har gitt opp håpet om at 18-åringen skal kome til rette i live.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL