Hopp til innhold

Leiteaksjon etter 18-åring i Herøy

Helikopter, hundar og mannskap til fots leitar etter ein 18-åring på Moltustranda i Herøy. Tenåringen vart sist sett natt til laurdag.

Røde Kors bidreg i leiteaksjonen på Moltustranda i Herøy

Over 20 personar frå Røde Kors deltek i leiteaksjonen.

Foto: Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps

I over eit døgn har den unge mannen vore sakna. 18-åringen vart sist sett natt til laurdag, då han var saman med kompisane sine. Laurdag ettermiddag vart han meldt sakna av familien.

18-åringen er 183 centimeter høg og var då ikledd ei blå jakke, opplyser politiet.

Mellom 15 og 20 personar frå Røde Kors deltek i leiteaksjonen, i tillegg til fire hundeekvipasjar.

– Vi held fram med leitinga med like stort mannskap og så får vi gjer nye vurderingar når det vert mørkt, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre ved Møre og Romsdal politidistrikt til NRK klokka 14.10.

Det er også sett inn helikopter i søket. Politiet har bede folk på Moltustranda om å sjekke eigedomane sine. Dersom nokon har sett guten bes dei ta kontakt med politiet på telefonnummer 02800.

Redningshelikopteret frå Florø er ikkje ferdig med å søke gjennom området.

Moltustranda