Hopp til innhold

Aksjonerte på sju skred: – Trur vi var på brestepunktet

Naudetatane rykte ut til sju skred i Møre og Romsdal onsdag. Hadde det skjedd fleire ulukker måtte vi ha gjort prioriteringar vi ikkje likar, seier politiet.

Snøskred ved Grøtdalstind i Ørsta på Sunnmøre.

Ein person blei kritisk skadd i snøskredet ved Grøtdalstind i Ørsta.

Foto: Knut Hustad

Politi, ambulanse, helikopter og frivillige drog frå ras til ras i Møre og Romsdal. Ein person blei kritisk skadd då han låg under snømassane ved Grøtdalstind i Ørsta. Ein annan hamna på sjukehuset med lettare skader etter å ha blitt tatt av ras ved Steinberget i Rauma.

Det blei varsla om 11 snøskred, der naudetatane aksjonerte på sju av dei. Hadde det skjedd endå fleire ulukker, måtte dei ha prioritert kven som var viktigast, seier politiet.

– Då må vi prioritere på situasjonar vi ikkje likar. Det er sjølvsagt viktigast å halde folk i live og ein må kanskje nedprioritere folk som er skadde, seier operasjonsleiar Borge Amdam ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Han seier at gårsdagen var utfordrande.

Innsatsleiar i politiet, Geir Helge Ådneram, og fagleder skred i Røde Kors, Bjørnar Hovland.

Innsatsleiar i politiet, Geir Helge Ådneram og fagleiar skred i Røde Kors, Bjørnar Hovland rykte ut på skred i Ørsta.

Foto: Benjamin Vorland Andersrød / NRK

Rasa gjekk samstundes

Bjørnar Hovland som er fagleiar i Røde Kors har aldri opplevd å ha så mange aksjonar samstundes.

– Det er vanskeleg nok å planlegge eìn aksjon. Når det er fleire samstundes går det ei kule varmt, seier Hovland.

Allereie før første skredalarmen gjekk onsdag formiddag, følte han det på seg at det kom til å skje. Sekken var nøye pakka kvelden før, men Hovland ante ikkje kor hektisk det skulle bli.

Personell frå Røde Kors var i lufta med redningshelikopter på veg til eitt skred, då dei fekk melding om eit anna og måtte reise dit i staden. To gongar i løpet av onsdag opplevde dei at det skjedde to ras samstundes.

Sigurd Torvik Heian

Sigurd Torvik Heian er anestesilege på redningshelikopter på Ørland.

Foto: privat

På brestepunktet

Også redningshelikopteret frå Ørland i Trøndelag blei kalla ut, der anestesilege Sigurd Torvik Heian jobbar. Han seier situasjonen var ganske uoversiktleg i periodar.

– Vi har ein godt utbygt redningsteneste som kan takle mykje, men i går var det på brestepunktet, trur Heian.

Redningshelikopteret var i Isfjorden der det gjekk fleire skred samstundes. Dei siste åra har han sett at stadig fleire går på ski, og at skiløparane også går på topptur på kvardagar.

– Ein del av vala som blei gjort onsdag var uheldige, sidan vi fekk så mange skred utløyst av skiløparar, seier Heian.

Snøskred ved Kyrkjetaket i Rauma

Naudetatane aksjonerte på sju snøskred i Møre og Romsdal måndag.

Foto: Ottar Rydjord

Trur folk har fått seg ein støkk

Bjørnar Hovland i Røde Kors håper at mange lærte av det som skjedde i Møre og Romsdal onsdag og at ein unngår så mange skred utløyst av skiløparar framover.

– Eg trur folk som les i media har fått seg ein liten støkk, seier Hovland. Han trur også tilreisande berre ved å gløtte opp i fjellsidene vil sjå skreda som har gått, og forstå at dette ikkje er trygt.

Når han er ute på redningsaksjon er han aldri irritert eller sint på vala dei involverte har gjort, sjølv om han kan gjere seg tankar i ettertid.

No skal Røde Kors ha ein gjennomgang for å snakke ut om den hektiske skreddagen.

Les også Fekk kritikk for å varsle politiet på feil nummer

Det er har gått eit snøskred på Gjemnes

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL