Hopp til innhold

Kritisk skadd etter snøskred

Mannen som blei tatt i eit snøskred ved Grøtdalstind i Ørsta onsdag er kritisk skadd, opplyser politiet.

Snøskred ved Grøtdalstind i Ørsta på Sunnmøre.

Ein person er frakta til sjukehus etter å ha blitt tatt av eit snøskred ved Grøtdalstind i Ørsta.

Foto: Knut Hustad

– Personen blei frakta med helikopter til Ålesund sjukehus. Tilstanden er kritisk, seier operasjonsleiar John Bratland i Møre og Romsdal politidistrikt til NTB onsdag kveld.

Mannen var ein del av eit svensk turfølge som oppheldt seg på toppen av Grøtdalstind da skredet gjekk i 16-tida.

– Personen blei graven ut av turfølget han var ein del av og det blei gjennomført hjarte- og lungeredning på staden, sa operasjonsleiaren til NRK i 17.30-tida.

Det var fire personar i turfølget, som ifølge innsatsleiar på staden, Geir Helge Ådneram, var tilreisande utan lokal tilknyting.

Innsatsleiar i politiet, Geir Helge Ådneram, og fagleder skred i Røde Kors, Bjørnar Hovland.

Innsatsleiar i politiet, Geir Helge Ådneram og fagleiar skred i Røde Kors, Bjørnar Hovland.

Foto: Benjamin Vorland Andersrød / NRK

Ber folk halde seg unna skredterreng

Mange skred har vore ressurskrevjande for politidistriktet onsdag ettermiddag. Ifølge politiet har det gått totalt åtte skred i Møre og Romsdal etter klokka 15.00 onsdag. Alle skal ifølge politiet vere utløyste av skiløparar.

John Bratland

John Bratland i politiet seier det er viktig at folk planlegg turen sin godt.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Med tanke på alle meldingane og hendingane med snøskred, ber vi og Hovudredningssentralen i Sør-Noreg, om at folk held seg unna skredterreng, seier Bratland.

Han trur det fine vêret i Møre og Romsdal har fått mange til å legge ut på skitur. Politiet ber folk om å vere forsiktige.

– Det er viktig å planlegge turen og vurdere både kva som står på snøskredvarslinga og korleis dei lokale forholda er. Folk må vere bevisst på kvar dei går, seier operasjonsleiaren.

– Sola er framleis oppe og det er nok mange som har lyst på ski. Så eg blir ikkje overraska om det kjem fleire skred i dag, held han fram.

Tatt av skred i Rauma

Ein mann i 30-årene er lettare skadd etter å ha blitt tatt av eit skred i Romsdal.

I 15.00-tida rykte naudetatane ut til fjellet Steinberget i Rauma etter meldingar om at ein person hadde blitt tatt av eit ras der. Personen blei etter kvart lokalisert i skredet av luftambulansen.

Snøskred ved Kyrkjetaket i Rauma

Alle naudetatane rykte ut etter melding om eit skred ved fjellet Steinberget i Rauma.

Foto: Ottar Rydjord

Rundt 17.00 blei denne personen henta ut av området av luftambulansen og frakta til sjukehus. Han var våken då han blei funnen. Vedkomande blei seinare meld som lettare skadd.

Skredet skal ifølge politiet ha vore ca. 300 meter breitt og gått heilt ned til botnen av fjellet Steinberget. Dette ligg vest for Kyrkjetaket. Området er eit populært turmål i Romsdal.

Onsdag ettermiddag gjekk det fleire snøskred i Rauma. Også ved fjella Hestebotn og Kjøvskartind blei det meldt om skred. Det blei gjort søk etter personar i dette området, men det er så langt ingenting som tyder på at nokon blei tatt i desse skreda.

Onsdag ettermiddag gjekk det fleire snøskred i Rauma kommune.

Betydeleg snøskredfare

Det er betydeleg snøskredfare i Romsdal og på Sunnmøre i dag. Det melder snøskredvarslinga varsom.

Bjørnar Hovland, fagleiar skred i Røde Kors, ber folk unngå alt skredterreng til dei vedvarande svake laga som finst no har forsvunne.

– No kan det gå naturleg utløyste skred på grunn av sola og det kan gå skred som er fjernutløyst. Om du er nede i dalen kan du løyse ut eit skred over deg og bli tatt av det. Så det er ein skummel situasjon, seier han.

Mange snøskred

Tidlegare onsdag har det gått fleire snøskred ulike stadar i Møre og Romsdal.

Før i dag utløyste to skiløparar i Gjemnes eit skred på Harstadfjellet på Nordmøre. Dei kom uskadd frå det.

På fjellet Slogen i Ørsta blei ein person tatt av eit skred som gjekk der. Også denne personen kom uskadd frå hendinga. I 16.46-tida gjekk det endå eit nytt snøskred ved Slogen. Her skal ingen ha blitt tatt av skredet.

Redningsetatane har i tillegg rykt ut på to andre skred i Ørsta kommune. Der søkte naudetatane over området, men kunne ikkje sjå at nokon hadde blitt tatt av skredet.

Les også: Skiløparar utløyste full redningsaksjon i Gjemnes

Det er har gått eit snøskred på Gjemnes
Det er har gått eit snøskred på Gjemnes