Hopp til innhold

Skiløparar utløyste snøskred - får kritikk for å varsle på feil nummer

To skiløparar utløyste eit snøskred i Gjemnes og det blei sett i verk redningsaksjon. No får dei kritikk av politiet for å ikkje bruke naudnummeret.

Det er har gått eit snøskred på Gjemnes

Ingen blei skadd i snøskredet frå Harstadfjellet på Nordmøre.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Eivind Haukenes drog på topptur til Harstadfjellet i Gjemnes på Nordmøre onsdag morgon saman med ein kollega. Der har dei vore fleire gongar tidlegare. Før turen sjekka dei med lokalbefolkninga kvar det brukar å gå ras og valde å gå i eit område der det ikkje skal vere rasfare.

– Vi stod på toppen, då ein bit av ein skavl knakk av. Skavlen gjorde at snøskredet losna, seier Haukenes.

Ambulansepersonell rykte ut etter melding om snøskred på Harstadfjellet i Gjemnes

Ambulansepersonell rykte ut etter melding om snøskred. Helikopter var også i lufta, men snudde.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Frykta at kompisen var gravlagt

Haukenes blei liggande att, medan kollegaen blei ført nedover med raset. Han blei livredd då han ikkje såg kompisen.

– Eg gjekk rett i beredskap og tok fram skredsøkaren. Eg tenkte at han kanskje var gravlagt. Eg såg jo kor mykje snø det var, seier Haukenes.

Etter kort tid ropte kompisen og Haukenes forstod at det hadde gått bra. Kompisen hadde blitt med raset ca. 300 meter og var like heil, bortsett frå litt smerte i ein arm.

Politiet tok ikkje telefonen

Skred på Harstadfjellet i Batnfjorden i Gjemnes

Skredet på Harstadfjellet i Batnfjorden er godt synleg frå vegen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Etter at dei to skikøyrarane blei gjenforeina, kontakta Haukenes politiet sitt sentralbord for å fortelje at dei hadde utløyst eit skred. Der blei han kopla vidare til operasjonssentralen, som ikkje tok telefonen. Etter fem minutt på vent, la han på og ringde naudnummeret.

I ettertid har skiløparane fått kritikk for måten dei handterte dette på.

Må ringe naudtelefonen

Borge Amdam i politiet.

Operasjonsleiar Borge Amdam seier at folk som er involverte i skred må varsle umiddelbart til naudetatane.

Foto: Øyvind Sandes / NRK

Politiet fekk melding frå folk som bur i bygda om eit skredet. Dei hadde sett to skiløparar før skredet, men etterpå kunne dei berre observere ein av dei.

Dermed varsla politiet alle naudetatar. Ambulansehelikopter og redningshelikopter med lavinehundar var på veg og frivillige gjorde seg klare til å rykke ut.

Etter 20 minutt fekk politiet melding frå dei involverte sjølve at dei hadde kome seg ut av skredet og dermed vart redningsressursane som var på veg avlyst. Operasjonsleiar Borge Amdam ved Møre og Romsdal politidistrikt meiner det tok for lang tid før dei fekk varsel om at det gjekk bra og at dei burde ha ringt naudtelefonen først.

– Det er utruleg viktig at turgåarar varslar om hendingar på naudtelefonen, så vi får prioritert riktig når vi får korrekt informasjon om kva som har skjedd, seier Amdam.

– Men dei ringte sentralbordet til politiet og satt fem minutt i telefonkø. Bør ikkje politiet også sjå på sine rutiner?

– Når du er utsett for hendingar som dette, må du ringe nødnummeret. Vi prioriterer hendingar som dette, og då prioriterer vi vekk andre telefonar. Han havna i ein vanleg telefonkø, då er det ikkje nød, og han blir ståande og vente.

Snøskred ved Nivane i Ørsta

Det gjekk svært mange snøskred i Møre og Romsdal onsdag. Her ved Nivane i Ørsta.

Foto: Benjamin Vorland Andersrød / NRK

Drog rett på jobb

Eivind Haukenes prisar seg lukkeleg over at det gjekk bra for han og kollegaen. Han meiner at han gjorde riktig i å vente med å varsle til han hadde lokalisert kameraten, sidan han var den einaste som hadde nådd å redde han dersom han låg gravlagt. At han kunne ha ringt naudtelefonen og ikkje til sentralbordet tar han på si kappe. Han meiner likevel politiet også bør gå gjennom sine rutinar, slik at folk som ringer inn ikkje vert sett i telefonkø. Begge skiløparane drog på jobb rett etter hendinga.

– Vi skal snakke saman seinare om kva vi kunne gjort annleis og kvifor det skjedde. Det vil vi bruke som læring vidare, seier Haukenes.

Stor skredfare

Gustav Pless i snøskredvarslinga i NVE seier det er vanskelege forhold i fjella no.

Gustav Pless

Gustav Pless i snøskredvarslinga til NVE seier det er lett å løyse ut skred no, og ber folk om å vere forsiktige i bratte terreng.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Det har kome mykje nysnø i det siste, og med den sola vi fekk i dag så svekkast nysnøen og byrjar å gå i skred. Så no anbefaler vi å unngå alt solvendt terreng der det er brattare enn 30 grader, og områda under, sidan skreda no er ganske store.

Pless seier det kjem til å vere stor fare for snøskred også i dagane framover.

Les også To tatt av skred på Sæbø

Leitemannskap i Kvistaddalen i Ørsta i samband med tre personar redda ut av skred frå fjellet Skårasalen.

Mann funnen etter snøskred i Rauma: – Blei redda av makkeren