Hopp til innhold

Utryddar laksen i Driva

All laks i Driva skal vere utrydda innan sju år. Målet er å bli kvitt gyrosmitten ein gang for alle. Elveeigarane er skeptiske.

Laks angrepet av parasitten gyrodactylus salaris

Laks angrepet av parasitten gyrodactylus salaris.

Foto: Gorm Kallestad, Kallestad, Gorm

Etter planen startar bygginga av ei laksesperre i elva om kort tid, og den skal hindre laksen å gå opp og gyte. Ein gong var Driva Noregs fjerde største lakseelv. Men gyrosmitte har øydelagt mykje.

For første gang

Trond Haukebø

Trond Haukebø ved fylkesmannens miljøvernavdeling i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Prosjektet er det første og største av sitt slag i landet, og kjem til å ta nærare 10-15 år å gjennomføre, fortel seniorrådgivar Trond Haukebø ved Fylkesmannens miljøvernavdeling.

– Dette er ei stor sak. Eg kjenner ikkje til at det er gjort nok liknande internasjonalt heller, så det er i verdsklasse det vi no gjer, seier han.

Ei laksesperre 24 kilometer opp i vassdraget skal hindre laksen å gå vidare til gyteplassane. Etter 5-7 år, vil all laksesmolt vere borte og resten av elva blir rotenonbehandla.

Redd for turistnæringa

Gyro

Gyro har øydelagt mykje i Driva. No vil miljøvernavdelinga i Møre og Romsdal forsøke å utrydde smitten.

Men skeptikarane meiner det er bortkasta pengar. Dei fryktar at heile turistnæringa i Sunndal blir øydelagt for tiår framover, sier Halvard Hagen i Driva elveeigarlag.

– I store, kompliserte vassdrag som Driva, er erfaringane heller dårleg. Dette her vil jo ta kanskje 15 til 20 år. Det vil bli heilt dødt i den perioden, og om du då eventuelt har greidd å kvitte deg med gyroen, skal dette byggast opp på kunstig vis, basert på genbanken.

– Utfallet av operasjonen er høgst usikkert, meiner Halvard Hagen i Driva elveeigarlag.