Hopp til innhold

Populært med truger – her får du tips til turen

For dei som ikkje er fødde med ski på beina er vintervandring på truger eit stadig meir populært alternativ.

Romsdalen AS arrangerer trugetur på Nesaksla i Rauma.

Turistane går på rekke og rad opp over fjellet Nesaksla i Romsdalen, leia av guide Susanne Brastad.

Foto: Roar Strøm / NRK

I ei lang rekke beveger turistane seg over det snødekte fjellet Nesaksla på Åndalsnes. På beina har dei spent trugene godt fast. Nokre for første gong.

– Eg har ikkje prøvd det før, fortel danske Peter Steg.

– Ikkje eg heller. Det er ei heil ny oppleving, seier Birte Steg.

Peter og Birte Steg på truger på Nesaksla

Danskane Peter og Birte Steg opplever Romsdalen med truger på føtene.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ut av heimekontoret

På Åndalsnes har selskapet Romsdalen AS merka interessa og starta med utleige og guida trugeturar.

Susanne Brastad, sals- og marknadsleiar i Romsdalen AS på trugetur på Nesaksla.

Susanne Brastad i Romsdalen AS seier det som er fint med truger er at både erfarne og nybyrjarar lett kan få taket på det.

Foto: Roar Strøm / NRK

Der kan du til og med jukse litt, og haike med gondolen dei første 708 meterane opp til fjellet Nesaksla, før du får ein tur i flotte omgivnadar.

– Eg trur mange har sete lenge på heimekontor og har lyst å kome seg meir ut i naturen og prøve nye ting. Truger er ein norsk tradisjon og eg trur mange vil hente den fram igjen, seier Susanne Brastad i Romsdalen AS.

Truger i vinden

Norsk sportbransjeforening melder om ein stor vekst i salet av truger dei tre siste åra. I 2018 vart det selt 28.000 par av fottøyet i Noreg.

I 2020 hadde talet auka til 50.000. Tala for 2021 er så langt ikkje klare, men trenden er tydeleg.

Tre tips til trugeturen

Oscar Almgren i Uteguiden, eit guidefirma på Sunnmøre, seier truger er topp for dei som ikkje kan å gå på ski. Han har tre tips til deg som vil ut på trugetur i vintervêret.

Oscar Almgren i Uteguiden

Oscar Almgren i Uteguiden på Sunnmøre seier dei merkar at det kjem fleire utanlandske turistar som vil gå tur, no når koronareglane har slept taket.

Foto: Mattias Fredriksson

Gode sko

– Det er viktig å ha ordentlege sko så ein ikkje får snø i skoa. Og det gjeld at ein ikkje blir kald på tærne. Trass i at ein flyt oppå, så er det ein god del snø.

Tur etter evne

– Skal du ut på tur, vel turar som ikkje er alt for bratte. Bratte turar og truger kan ikkje berre vere farleg med tanke på skred, det er også veldig tungt å gå.

Tur i mørket

– Sjølv er eg stor fan av å gå trugeturar i mørket. Det er skikkeleg stilig, og gir heilt klart ein ny dimensjon på det heile. Det å kome opp på fjellet, få lage seg eit bål og nyte lyset er skikkeleg kult.

Les også – Magisk med skitur under stjernene

Nordlys på Fingeren

– Lån med nokon du kjenner

Bente Lier i Norsk Friluftsliv seier truger er eit godt alternativ også når ein går i område med mindre snø. Ho meiner ein av fordelane er at ein ikkje treng å lære ein teknikk eller ta eit kurs for å byrje med det, og ho har også ei anbefaling.

– Eit tips til dei som vil prøve truger er å låne med nokon ein kjenner, eller med ei lokal utlånsordning. Det er lurt å teste ut aktiviteten før ein investerer i utstyr ein ikkje veit om ein kjem til å bruke mykje.

Bente Lier, Norsk Friluftsliv

Bente Lier i Norsk Friluftsliv trur ein av grunnane til at truger blir meir populært, kan vere at det er meir å velje i no enn det var før.

Foto: Gard Eirik Arneberg / Norsk Friluftsliv

Gav meirsmak

– Det er spennande og kult å få gå i snøen på toppen. Veldig morosamt, fortel Tove Morstøl, etter ho har gått ei stund oppe på Romsdalsfjellet. Ho hadde heller ikkje prøvd truger før, men fekk fort sansen for det.

Romsdalen AS arrangerer trugetur på Nesaksla i Rauma. Astrid Eeken var ein av deltakarane.

Astrid Eeken likar kontrollen trugene gir henne på snø og glatt underlag.

Foto: Roar Strøm / NRK

Og ho får støtte av Astrid Eeken.

– Eg har prøvd det før og likar kontrollen ein har. Og så kan ein nyte utsikta også, seier ho.

Og for dei danske turistane gav trugeturen i norsk vinterlandskap meirsmak.

– Ja, eg vil gjerne prøve det igjen. Det er deilig å vere dansk i Noreg, så dette gjer vi gjere igjen, seier Peter og Birte Steg.

Har du prøvd truger?

Sjå video Her trenar dei pilates på truger

Trugepilates i Surnadal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL