– Eg begynte å gå på ski i mørket då eg gjekk på folkehøgskule i Alta. Der måtte det bli slik, sidan det er mørkt heile døgnet om vinteren, seier Markus Finholt (22) frå Skien.
Går ikkje i skredterreng
Markus Finholt
Foto: Rasmus Sætrum BjerkanNo har han flytta til Volda på Sunnmøre, og driv framleis med skiturar og skikøyring etter solnedgang saman med kompisar.
Men i mørket held han seg unna skredterreng, og køyrer meir forsiktig enn vanleg.
– Utover det, så gjeld dei same reglane i mørket som i dagslys. Jo eldre ein blir, jo vanskelegare blir det å få gå på ski om dagen, så då er dette eit godt alternativ, seier han.
Markus Finholt seier han er ekstra forsiktig når han står på ski i mørket. – Det ser kanskje ikkje slik ut, men eg har unngått skader så langt.
Foto: Rasmus Sætrum Bjerkan– Bør vere høg terskel
– Det er jo heilt magisk å gå på skitur under stjernene, seier Oscar Almgren som driv firmaet Uteguiden på Sunnmøre.
Almgren har små barn, og er difor sjølv ofte ute og går på ski i mørket når barna har lagt seg. Han meiner mørketurar på ski gir ei heilt anna oppleving enn å gå same turen i dagslys. Samtidig gjer gode lykter det også mogleg å køyre off piste ved kveldskøyring i skianlegga.
Oscar Almgren
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK– Det blir stadig meir populært. Når eg er ute om kvelden ser eg mange hovudlykter oppe i fjella, seier han.
Han meiner likevel at det bør vere høg terskel for å stikke ut på ski når det er mørkt.
– Dersom du er nybegynnar når det gjeld topptur, er ikkje dette det første du skal starte med, seier Almgren.
Han meiner det er heilt avgjerande at folk har oversikt over terrenget før dei legg ut på natt-tur, og at dei sjølvsagt har med skredutstyr som ved turar på dagtid.
Markus Finholt forsvinn i snøen på Hornindal skisenter.
Foto: Rasmus Sætrum Bjerkan– Må ha større marginar
Jostein Aasen frå Jostedal i Sogn er snøskredvarslar i NVE. Han seier det er viktig at dei som går på ski i terrenget når det er mørkt, har større marginar enn dei har når det er lyst.
– Det er heilt klart ein aukande trend at folk går topptur i mørket. Eg var nettopp i Lofoten og Vesterålen, og der var det påfallande mange sterke lys oppi fjellsida om kvelden, seier han.
Jostein Aasen går sjølv på ski i terrenget når det er mørkt, men held seg då som oftast under tregrensa. Årsaka er at sjølv om lykta er god, er det vanskeleg å vurdere terrenget utan dagslys, noko som kan føre til farlege situasjonar.
Men han meiner at så lenge du gjer gode vurderingar, er det stort sett berre positivt at nye lykter gjer det mogleg å gå på ski når det er mørkt.
– Samanlikna med for få år sidan, kan du no få ei veldig god lykt utan å måtte betale ei månadsløn. Eg er småbarnsfar, og då er det ein stor fordel å kunne gå tur når det er mørkt. I desember gir det 16 ekstra skitimar i døgnet, seier han.