NRK Meny
Normal

Røed Ødegaard forklarer «UFO-en»

«Det må ha vore ein UFO!», var det fleire som sa fredag morgon. Ein lysball sklei over himmelen i Midt-Noreg, til stor undring for mange. No fortel astronom Knut Jørgen Røed Ødegaard kva folk eigentleg såg.

Gjerdsvika

Sveinung Gjerde i Gjerdsvika var akkurat for seint ute, men over himmelen fredag morgon blei det observert ei brennande eldkule. – Kraftig meteor, fortel astronom Røed Ødegaard.

Foto: Sveinung Gjerde

«Lysball», «på størrelse med ein fotball», «den gjekk i sakte fart over himmelen», «den hadde ein glødande gul farge», «den var gul før den gjekk over i blått og raudt».

Meldingane var mange, og folk i heile Midt-Noreg let seg fascinere i morgontimane fredag.

Eit merkeleg lysfenomen blei observert og fleire trudde (eller håpte?) at dei no hadde sett ein UFO.

– Det var no ikkje ein UFO, men ein IFO – identifisert flygande objekt – folk såg, fortel astronom Knut Jørgen Røed Ødegaard.

For den brennande ballen var laga av stein, seier astronomen.

K. J. R. Ødegaard

Knut Jørgen Røed Ødegaard er astronom. Sjølv har han sett ei slik eldkule ved eitt høve.

Foto: Studio Vest

– Svært kraftig meteor

Røed Ødegaard fekk sjølv inn mange meldingar fredag morgon.

– Ut frå det eg har høyrt så var dette ein svært kraftig meteor, eller det vi kallar ei eldkule. Både farge, oppførsel og fasong tyder på det.

Han trur derimot den var ganske så langt unna.

– Dei sløkkjer gjerne 50–60 kilometer over bakken, og om dei står lågt på himmelen så er dei gjerne 200–250 kilometer i luftlinje unna retninga ein ser dei.

Uvanleg syn

Synet er av det uvanlege slaget.

– Kvart menneske opplever kanskje dette éin gong i livet. Nokre yttarst få opplever det fleire gonger.

– For det går lang tid mellom kvar slik meteor. Det er kanskje 1–3 eldkuler i Noreg kvart år, fortel Røed Ødegaard til NRK.no.

Han veit ikkje kva type meteor det er, men den kan fort ha landa.

– Men den har i tilfelle landa langt vekk frå der den blei observert.

Saka held fram under bildet.

Knut Jørgen Røed Ødegaard holder en meteoritt

Knut Jørgen Røed Ødegaard let seg fascinere av den store eldkula som fauk over himmelen i Midt-Noreg fredag morgon. Her er han tidlegare år med ein meteoritt i handa.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

– Noko ekstraordinært

For ut frå kva astronomen har høyrt, har meteoren truleg nådd bakken.

– Dette er noko ekstraordinært, for det er ikkje vanleg å få sjå slike. Eg har sjølv sett ei slik eldkule ved eitt høve, i mars i år faktisk.

For dette er ting ein plutseleg kjem over.

– Vi veit nesten aldri om dette på førehand. Vi kan vite om stjerneskotsvermar av og til, som vi då varslar, og desse kan medføre eldkuler.

– Men dette er sjeldan, og ein får uansett ikkje eldkuler på størrelse med denne, avsluttar Røed Ødegaard, som håper folk likte synet dei såg fredag morgon.

Sveinung Gjerde

Sveinung Gjerde i Gjerdsvika såg nok ikkje ein UFO, men ein svær meteor er uansett eit uvanleg syn.

Foto: privat