NRK Meny
Normal

– Det må ha vore ein UFO

– Det kan ikkje ha vore noko anna enn ein UFO, seier Sveinung Gjerde i Gjerdsvika. Han var vitne til eit merkeleg lysfenomen på himmelen i dag tidleg.

Sveinung Gjerde

Sveinung Gjerde er overtydd om at det var ein UFO han såg.

Foto: privat

I dag tidleg i åttetida sat Sveinung Gjerde på stova og såg på fjernsyn. Ute var det klarver og strålande måneskin. Då han gløtta ut av stovevindauget klokka 08.03 fekk han seg ei overrasking.

– Eg tenkte herregud. Dette må vere ein UFO som kjem til å naudlande, seier Gjerde. Han ropte på kona som stod på kjøkkenet at ho måtte kome og sjå.

Glødande fotball

Han såg eit lys på storleik med ein fotball. Lysballen gjekk i sakte fart og sklei lågt over himmelen. Rundt ballen var det glødande gul farge, som gjekk over i blått og raudt. Bakover var det ein liten hale. Det heile varte i fem-seks sekund.

– Eg held fast på at det må ha vore ein UFO. Ein meteoritt var det i allefall ikkje. Dei har jo ei himla fart, seier Gjerde.

Mektig syn

Gjerdsvika

Det var klarver og måneskin over Gjerdsvika då Gjerde såg eit uvanleg lys over himmelen. Det varte berre nokre sekund før det var borte. Han rakk ikkje å ta bilete før eldkula var borte.

Foto: Sveinung Gjerde

Også Øystein Eide på Sjøholt fekk med seg lyset. Han sat i bilen på veg til jobb då han fekk auge på eldkula.

– Det var eit mektig syn og eit kolossalt fargespekter. Eg har aldri i mitt liv opplevd liknande, seier Eide. Det heilt minte han om ein slags eksplosjon. Han trur at dersom det var ein satellitt som brann opp, må noko av den lande på jorda att.

Stjerneskot

NRK har fått meldingar frå folk i heile Møre og Romsdal som har vore vitne til lysfenomenet. Åse Christin Flø i Molde meiner at det var eit stjerneskot ho såg.

– Ei stor lysande kule kom over himmelen i stor fart frå nord mot sør,
Bak seg hadde den ein flott hale. Eg er nesten sikker på at eg høyrde det gnistra, fortel Flø.

Oddrun Beyer Holm i Rekdal meiner at det var ein meteor som fall mot jorda og ho var snar om å ynskje seg noko før den døydde ut.

Fantastisk lys

– Eg meiner det var eit stjerneskot, men det var veldig nært. Det er fantastisk å ha fått sett eit slikt fenomen, seier Sissel Giskegjerde frå Giske.

Margot Simonnes frå Kvamsøya stod og kika ut av soveromsvindauget då ho såg ei eldkule på himmelen.

– Den var ganske lågt på himmelen i forhold til “stjernerap” og hadde heller ikkje den farta som “stjernerap” har. Det var ei spesiell hending å få med seg på morgonkvisten, seier ho.

Tippar på meteor

Været - Håkon Melhus

Håkon Melhus trur ikkje det var eit verfenomen, men heller mot at det var ein meteor.

Det er ikkje registrert noko spesielt verfenomen i dette området, ifølgje statsmeteorolog, Håkon Melhus.

– Eg trur ikkje dette er eit verfenomen. Eg vil tippe at det er ein meteor eller meteoritt som har kome inn i atmosfæren, seier Melhus.

Kva anna kan det vere?

Det kan jo vere ein UFO. Det står for uidentifisert flygande objekt, og så lenge ein ikkje veit sikkert kva det var, kan ein seie at det var ein UFO, forklarar Melhus.

Naturleg forklaring

Han er trygg på at det har ei naturleg forklaring sidan det i verdsrommet finst mange uidentifiserte objekt i ulike storleikar, som det blir stort fargespel av. Storleiken er vanskeleg å døme fordi det avheng av farta på objektet. Ein stor ting verkar som den går saktare enn ein liten.

– Vi har lett for å samanlikne med andre ting vi kjenner og då vert det ofte sola og månen. Er objektet på storleik med sola kan vi seie at det ser ut som ein fotball, men den er jo mykje nærare. Dermed verkar det som den går sakte, seier Melhus.

Han avviser at lysfenomenet folk har sett kan vere eit fly eller ein satellitt.