- Eg vil straks kalle inn sjukehusgruppa vår for å diskutere korleis vi skal handtere dette, seier ordførar Dagfinn Ripnes (H) til Tidens Krav.
Eitt sjukehus i nordfylket?
- Det kommunestyret i Molde no seier, er at det skal byggjast eit nytt, stort sjukehus for nordfylket utan at det har vore debatt om kvar det skal liggje, seier Dagfinn Ripnes. - Dette blir kamuflert med at det er Molde sjukehus ein snakkar om, meiner han.
- Det saka gjeld, er at med eit stort sjukehus på Hjelset blir sjukehuset i Kristiansund lagt ned som akutt-somatisk sjukehus og omgjort til ein avansert sjukeheim. Dette er stikk i strid med det eigaren har gått inn for, sier Ripnes, og viser til det statsministeren har lova: Sjukehuset i Kristiansund skal bestå, men med ei funksjonsfordeling med Molde.
Full kamp
Sjukehuset i Kristiansund
Gruppeleiar for Kristiansund Ap, Per Kristian Øyen, seier til Tidens Krav at dette kan vere byrjinga på slutten for sjukehuset i Kristiansund. - Dette er for defensivt, seier Ripnes. Sjukehuseigaren - staten - har ikkje nokon veg tilbake. Og dersom Arbeidarpartiet sentralt likevel skulle sende Kristiansundsjukehuset inn i solnedgangen, kan Øyen gløyme å stille som ordførarkandidat ved neste val, seier ordførar Dagfinn Ripnes.