Hopp til innhold

– Kampen for menneskeverdet gjorde utslaget

Ho er arbeidarjenta frå Steinvågen i Ålesund som valde Kristeleg folkeparti. No vil ho ha ein ny periode på Stortinget.

Rigmor Andersen Eide

Rigmor Andersen Eide (KrF) i kjende omgjevnader. Her gjekk ho også som lita jente då ho blei med far sin til bustadkontoret for å betale husleiga på den kommunale arbeidarbustaden.

Foto: Terje Reite / NRK

Ein rusletur gjennom gatene i Ålesund sentrum får henne til å minnast både livet på Aspøyskolen og resten av oppveksten som byjente frå Steinvågen.

Eg hadde arbeidarpartiet på alle kantar og gjekk i 1.mai-tog.

Rigmor Andersen Eide

Opp gata her gjekk vi då vi skulle på bustadkontoret for å betale husleiga på den kommunale arbeidarbustaden, seier ho. Vi står ved Skansegata for å ta eit bilete med Molja i bakgrunnen.

Rigmor Andersen Eide vaks opp i ein arbeidarheim på Skjerva i Steinvågen. Arbeidarpartiet kunne like gjerne ha vore eit minst like naturleg val for henne.

Eg hadde Arbeidarpartiet på alle kantar. Og som lita jente hjelpte eg far min med å lime fagforeiningsmerka inn i fagforeiningsboka. Eg gjekk i 1. mai-tog, og store deler av slekta mi var engasjerte i arbeidarrørsla, fortel ho.

Rigmor Andersen Eide og Steinar Reiten

Rigmor Andersen Eide og Steinar Reiten er dei to toppkandidatane til Kristeleg folkeparti i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Menneskeverdet avgjorde valet

Ho vedgår at Arbeidarpartiet låg snublande nær for henne. Men det var eitt område som gjorde at Rigmor Andersen Eide valde Kristeleg folkeparti. Ho set fingeren i bordet, som om ho peikar på det som er aller viktigast for henne: Menneskeverdet.

Vi må fjerne skotta mellom fagmiljøa på sjukehusa.

Rigmor Andersen Eide

Det finst kristne i alle parti. Men ingen løftar fram menneskeverdet frå unnfangelse til død slik som Kristeleg folkeparti gjer det, seier ho. Dette står KrF åleine om, og dette er svært viktig for meg.

– Retten til liv

Rigmor Andersen Eide snakkar seg varm om retten til liv, også for den som ligg ufødd i mors liv. Denne saka blei avgjerande for dei politiske vala Rigmor Andersen Eide har teke.

Dette er ei fanesak for meg, slår ho fast.

Dette engasjementet har også ført henne inn i styret i organisasjonen Amatea, der ho er nestleiar i sentralstyret. Organisasjonen driv rettleiing til dei som er blitt ufrivillig gravide.

Det er ingen anti-abort-organisasjon. Vi gjev støtte og rettleiing. Også til dei som vel å ta abort. Hos oss får ufrivillig gravide informasjon som helsevesenet ikkje klarer å gje, seier ho.

Svein Flåtten

Her er Rigmor Andersen Eide i sving på Stortinget. Saman med blant andre Harald Tom Nesvik (Frp) og Svein Flåtten (H) kravde ho svar på kva rolle næringsminister Trond Giske hadde i samband med sal av TV2-aksjar.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

– Eg var redd for kva sjukdom det var

Rigmor Andersen Eide har mykje godt å seie om norsk helsevesen. Men som sjuk sjølv har ho også sett sider ved helsevesenet ho meiner slett ikkje er bra. Og ho har fått føle på redsla for å vere svært alvorleg sjuk. Ho har vore sjukmeld ein periode, men er no for fullt med i valkampen.

Det er klart eg var redd for kva dette var. Eg tenkte ei stund at det måtte vere kreft. Heldigvis var det ikkje det. Og no kjenner eg at eg vert sterkare for kvar dag som går.

Det er all ventinga i uvisse som var det vanskelegaste i den tunge perioden. Ho var svært sjuk, men visste ikkje kva som var gale.

Det verste var ventinga utan å vite kva det var. Og når undersøkingane viste at det ikkje var det eine, då blei det å vente i nye køar for alt det andre som måtte undersøkjast. Det verkar som det er alt for store skott mellom dei forskjellige fagfelta på sjukehusa, seier ho og viser til si eiga erfaring.

Rigmor Andersen Eide

Rigmor Andersen Eide har sterk maritim tilknytning. Det har mellom anna gitt ho høve til å vere med på dåp av Fjord1-ferje.

Foto: Fjord1

– Tverrfaglege diagnosesenter

Å gå i veker og månader og vere usikker på si eiga helse, har lært henne noko som ho vil ta med seg inn i politikken. Og det har gjort henne endå meir sikker på eitt av punkta som partiet hennar arbeider med-

Vi må få tverrfaglege diagnosesenter ved sjukehusa. Slik kan vi fjerne skotta mellom dei ulike fagmiljøa. Pasientane skal sleppe å bli sende frå kø til kø, og dette må også vere meir effektivt for helsetenesta, seier ho.

Ho skundar seg også med å legge til at ho blei godt teken vare på på sjukehuset. Ankepunktet går på organisering, venting og den uvissa ho som pasient hamna i.

Måtte lære om landbruk

No er diagnosen klar, medisinane verkar og kreftene har kome tilbake. Rigmor Andersen Eide vil snakke om politikk. Ho snakkar glødande om verftsnæringa, ja, heile den maritime og marine næringa. Ho fortel om havbruksnæringa, som ho har arbeidd med som politikar på Stortinget. Og som medlem i næringskomiteen blei også landbruk eitt av felta hennar.

Det blei ei bratt læringskurve for ei jente frå Steinvågen. Men eg har søkt god støtte hos ekspertane og hos organisasjonane i næringane, seier ho.

Ho vaks opp like ved det tradisjonsrike Liaaen-verftet, og var dagleg leiar i Maritimt forum Nordvest i ein fireårsperiode. På Stortinget deltok ho aktivt då verftsnæringa sleit ved inngangen til den internasjonale finanskrisa.

Vi i opposisjonen var med på å få på plass verftspakken under finanskrisa. Og eg er veldig stolt over at vi fekk til nettolønsordninga for sjøfolk. Den sat langt inne, også i mitt eige parti, fortel ho.

– Treng norske fagfolk

Ho snakkar engasjert om den tilsvarande ordninga, med skattepakke for fiskarar. Ho meiner det er viktig å sikre norske fagfolk på desse områda.

Du kan ikkje berre erstatte norske fagfolk med utlendingar. Det får følgjer også på land. Misser vi kompetansen på skipa, då misser vi også kompetansen vi treng på skulane. Vi treng også sjøfolka inn mot verftsindustrien og designmiljøa på land, seier ho og forklarar samanhengen mellom livet til sjøs og det som skjer både i verkstadhallar og kontor på land.

Rigmor Andersen Eide har ikkje «gått gradene» i Kristeleg folkeparti, frå ungdomsorganisasjonen og oppover. Ho har hatt eit sterkt kristent engasjement frå ho var ung. Det var mest gjennom organisasjonar som KFUM/KFUK, i Tensing/StarSing og gjennom kyrkja.

Det var heilt klart KrF som skulle få mitt ja. Men det var først i forkant av byjubileet i Ålesund at eg sa ja til å stå på liste. Dei spurte meg, og då sa eg klart frå at eg ikkje ville stå der som listefyll. Så gjekk det frå kommunepolitikk i Ålesund, til fylkestinget og så gjekk det ganske fort inn i rikspolitikken.

Ho føler ho har «vakse seg inn» i dei jobbane ho har fått. For det har vore stadig nye utfordringar.

Folk har trudd på meg, eg har gripe desse sjansane. Og eg har lært mykje av gode fagfolk som eg har søkt kunnskap hos, seier ho.

Forenkling næringslivet

I november 2012 var Rigmor Andersen Eide med på eit felles borgarleg forslag om å forenkle tilhøva for næringslivet.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Balansert syn på konflikten

Det kristne livssynet har også teke henne ut i verda. På 90-talet var ho reisekonsulent i SI-reiser, og organiserte turar til Israel.

Det er eit land og eit folk som ligg meg nær, seier ho.

Ho følgjer med på det som skjer i området, og vil sjå konflikten både frå Israel og palestinarane si side.

Som kristne er det viktig å sjå at det finst ei stor kristen palestinsk befolkning også. Det er viktig å ha eit balansert syn på denne konflikten. Men Israel er det einaste demokratiet i ei islamsk heksegryte. Det er viktig å støtte demokratiet, seier ho.

– Felles nordisk kulturarv

No er det ikkje utanrikspolitikken Rigmor Andersen Eide har lagt størst vekt på. Likevel har ho eit stort engasjement for samarbeid i Norden. Ho er ein av dei norske representantane i presidiet i Nordisk Råd.

– I Nordisk Råd har Noreg høve til å påverke naboane våre, som er Eu-medlemer. I Nordisk Råd knyter vi dei nordiske nasjonane nærare saman. Nordområda blir stadig viktigare, og vi har ein felles kulturarv som det er viktig at vi tek vare på, seier ho.

– Bibelen er grunnlaget

Ho er oppteken av kulturarven, og at det norske samfunnet byggjer på den kristne kulturarven. Ho avviser på det sterkaste at Kristeleg folkeparti har blitt meir tannlause etter at dei fjerna vedkjenningsparagrafen i lovene sine.

Verdiprogrammet vårt slår tydeleg fast at Bibelen er utgangspunktet for arbeidet vårt. Vi er minst like sterkt knytte til den kristne trua no som før. Den som framleis kverulerer på dette, vil ikkje partiet vårt vel, seier ho.

Men bør ikkje tillitsvalde i KrF vedkjenne seg den kristne trua?

– Dette var ein sovande paragraf som ingen andre tilsvarande organisasjonar har. Ikkje ein gong kyrkja har ein slik paragraf. Det er ingen tvil om at det er Bibelen som er grunnlaget for den politiske verksemda til KrF.

Ho ser på sitt eige parti som eit viktig «motstraumsparti», særleg på etiske saker.

Det er mange saker vi står åleine på, der etikken er under press. Det gjeld kristendomen sin plass i RLE-faget, vi er åleine i surrogati-debatten, og når det gjeld reservasjonsretten til legane i abortsaka. Men vi skal stå på det vi meiner i desse sakene. Her skal vi ikkje vere tannlause, seier ho.

Etter kvart som ho har blitt friskare av sjukdomen har ho fått betre høve til å gå i kyrkja si i Spjelkavika. Ho går gjerne i kyrkje kvar søndag.

– Fem Marius-genserar

Spjelkavik kyrkjelyd er viktig for meg. Der får eg både åndeleg påfyll, og eg møter vener og kjende.

– Og i denne perioden har eg også rukke å stikke 5 (!) Marius-genserar, skrattar ho og seier at no fortel ho vel mykje rart.

Men det er eit teikn på at ho er i ferd med å bli frisk att. Ein periode orka ho ikkje å følgje med på politikken i det heile teke. Ho måtte kople heilt ut. No koplar ho seg på att. Hjartesakene innan familiepolitikk, barn og unge har mange andre forkjemparar i partiet. Sjølv satsar ho på fire nye år med hovudvekt på næringspolitikken.

Det heile er ein kabal som skal gå opp. Men eg held gjerne fram i næringskomiteen. Samferdslekomiteen hadde også vore spennande. Og då eg var vara for May Helen Molvær Grimstad var eg mykje innom helsepolitikken.

Rigmor Andersen Eide sjekkar utviklinga

Det var ei spennande valnatt i 2009. Her sjekkar Rigmor Andersen Eide utviklinga.

Foto: Åge André Breivik

– Fotballen er viktig

Ho passerer gravearbeidet ved St. Olavsplass, i hjarta av Ålesund. Det var på mange måtar kjærleiken til heimbyen som fekk henne inn i politikken. Og ho nemner ein ting til som ho prøver å finne tid til, og som ikkje har med politikk å gjere.

Fotball. Eg har vaktse opp med fotball. Og eg går meir enn gjerne på stadion, så ofte som mogleg, seier ho med eit glimt i auga som vitnar om von om suksess, både på fotballbanen og i vallokala.

Men ho fyller slett ikkje helga med berre fotball. Kyrkja og kristenlivet er viktig for Rigmor Andersen Eide.

Kyrkja i Spjelkavik betyr mykje for meg. Her får eg både åndeleg påfyll, og det er sosialt å gå i kyrkja. I kyrkja møter eg både vener og kjende, seier ho.

No ønskjer ho å bli ein del av eit fleirtal på Stortinget. Å representere Kristeleg folkeparti i ein periode der dei raudgrøne partia har hatt reint fleirtal har ikkje vore berre enkelt, ifølgje Rigmor Andersen Eide.

No handlar det om å få til eit regjeringsskifte. For vi vil påverke meir. Eg likar ikkje situasjonen der forslaga våre har blitt nedstemt. Men slik er det å vere i mindretal. Frå i haust skal vi få meir gjennomslag for politikken, seier ei optimistisk Rigmor Andersen Eide, i det ho kastar seg ut i valkampen for Kristeleg Folkeparti.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL