I dag har Arbeidarpartiet fordelt representantane sine i dei ulike komitéane, og fordelinga er dermed komplett.
•
Fire av 9 i næringskomitéen
Den største Møredominansen kjem i Næringskomiteen. Her har desse fått plass:
Else May Botten er plassert i næringskomiteen, der Mørebenken allereie har tre medlemmar frå andre parti.
•
Då det blei klart at Framstegspartiet ikkje fekk leiaren i helse- og omsorgskomiteen, signaliserte Nesvik at næringskomitéen sto på ønskelista.
•
Elisabeth Nørve representerer Høgre i næringskomitéen.
•
Nykomaren Rigmor Andersen Eide representerer Kristeleg folkeparti i næringskomitéen.
•
To i justiskomitéen
Tove Lise Torve går frå å vere ordførar i Sunndal til å site i justiskomitéen på Stortinget.
Jenny Klinge er justispolitisk talskvinne i Senterpartiet, og tek plass i jutiskomitéen.
•
To i kyrkje, utdanning og forskingskomitéen
Svein Gjelseth har vore omtalt som kandidat som Fiskeriminister. No er det klart at han kjem til å site i kyrkje, utdanning og forskingskomitéen.
•
Mette Hanekamhaug er svært fornøgd og seier utdanningskomiteen var hennar første ynskje.
•
•
Ein i energi og miljøkomitéen
Oskar Grimstad, Framstegspartiet, tek plass i den prestisjetunge energi- og miljøkomitéen.
•