Hopp til innhold

KrF fryktar frislepp av abortpillar

KrF reagerer sterkt på eit forslag frå regjeringa der kvinner som vil ta abort, ikkje lenger treng å oppsøke sjukehus.

Abortpille

KrF fryktar frislepp av abortpillar.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

I statsbudsjettet er det forslag om eit to års prøveprosjekt der gynekologar utanfor sjukehusa kan gi ut abortpillar.

Dette blir heilt feil, meiner stortingsrepresentant Rigmor Andersen Eide i KrF.

- Vi synest dette er eit steg i feil retning. Når vi først har ei abortlov så ønskjer vi gode ordningar der kvinnene får god rettleiing om det inngrepet dei skal ta og at dei får ei god oppfølgjing i etterkant.

Rigmor Andersen Eide

Rigmor Andersen Eide meiner forslaget er eit steg i feil retning

Foto: Trond Vestre / NRK

Andersen Eide fryktar at mange kvinner kan bli overlatne til seg sjølve etter aborten. Dette kan gå bra for mange, men for andre kan dette bli ei oppleving som kan få følgjer for resten av livet.

Banket opp gravid - fosteret døde

- Unge kvinner tek sjansen

- Vi frykter at det kan bli eit frislepp av abortpillar dersom private gynekologar kan gi desse pillane inntil fosteret er ni veker gamalt. Då er fosteret ganske stort og det kan bli ei vanskeleg oppleving for kvinnene som utfører det.

KrF er imot abort og det gjer at partiet vil halde på ordningane der kvinnene kan få den rettleiinga dei no har krav til på frå sjukehusa eller andre som kan gi god hjelp og støtte, seier Andersen Eide.

Ikke angrepille-verstinger

Misnøgd med opplæringa