Hopp til innhold

Slik unngår du å lage fest for rottene i jula

Mange tenker at det ikkje er så farleg å spyle litt ribbefeitt i vasken, men når fleire i nabolaget gjer det same, blir det eit stort problem, ifylgje skadedyrfirmaet Rentokil.

Jula er ei høgtid som kan bli ein fest også for rottene

Slik ser det ut i avløpsnettet i Ålesund (Foto: Ålesund kommune)

Jula er ei høgtid som kan bli ein fest også for rottene. Dei kan meske seg både i ribbefeitt, julenek, frø frå fuglebrettet og mat frå overfylte søppeldunkar.

– Når kanskje 1000 husstandar brukar det same avløpssystemet og alle tenker at litt ribbefeitt i vasken ikkje kan skade, blir det store mengder, seier Arne Nese, teknisk sjef i Rentokil skadedyrkontroll. Dei merkar ein auke i talet på folk som treng hjelp for å bli kvitt rotter på denne årstida.

Når folk tømmer feittet i vasken eller toalettet, blir det liggande i avløpet og gi god næring til rottene. Vegen frå kloakken og inn i huset til folk er ikkje lang.

– Rotter er flinke til å gnage og klatre. Vegen opp frå avløpssystemet og opp i ein kjøkkenbenk og ut av eit plastrøyr er ganske kort, seier Nese. Rottebestanden i Noreg er stabil og det er i byar og tettstader problemet er størst.

Teknisk sjef i Rentokil, Arne Nese

Arne Nese er teknisk sjef i Rentokil. Han meiner det er enkle grep som skal til for å unngå rotter.

Foto: Hans Jørgen Solli / NRK

Rotter opp av toalettet

Rundt om i landet har kommunane omfattande kampanjar for å hindre at innbyggjarane kastar matfeitt og oljar i vasken eller toalettet.

I Ålesund deler kommunen ut brosjyrar til utsette bydelar. Dei ser at problem med feitt som tettar avløpsrøyra er aukande. Dei opplever også at det er problem med rotter.

– Det har skjedd at folk har fått rotter opp gjennom toalettet, seier Henrik Marø, som er driftssjef for vatn og avløp i Ålesund kommune.

Også i Trondheim kommune er feitt i avløpsrøyra og rotter eit velkjend problem, ifylgje Roger Pedersen, i Vass- og avløpsetaten.

– Eg håper folk tar innover seg råda vi gir, men det kan vere at vi ser meir feittansamling i røra etter julefeiringa, seier Pedersen. Oslo kommune melder at feitt er eit stort problem som kostar millionar av kroner årleg.

I ei spørjeundersøking Sentio nyleg har gjort på oppdrag for Norsk Vann, svarer om lag 20 prosent av dei spurte at dei kvittar seg med ribbefeitt og anna feitt frå matlaging gjennom vasken eller toalettet.

Gulspurven og gråsisiken i juleneket på Høgåsen på Tverlandet.

Juleneket er ikkje berre mat for fuglar, men også rotter.

Foto: Linn Marit Daljord Knutsen

Julenek er rottemat

Det er ikkje berre ribbefeitt folk må passe på i jula. Arne Nese i Rentokil seier at typiske koselege juletradisjonar som å henge ut julenek er fy fy.

– Mating av fugl er også mating av rotter. Dette bør gjerast berre gjennom lukka matstasjonar, seier Nese.

I jula når mange personar er samla blir det ofte også meir søppel. Også det kan lokke til seg rotter. Søppelet bør vere godt emballert og dunkane må ikkje fyllast slik at lokka blir ståande opne.

LES OGSÅ:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL