Hopp til innhold

Rettsforlik mellom Aabrekk og AaFK

AaFK og tidlegare hovudtrenar for laget Harald Aabrekk har kome til ei einigheit under dagens mekling.

Harald Aabrekk

Tidlegare Aalesund-trenar Harald Aabrekk fekk sparken i klubben i april.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

– Det er inngått eit rettsforlik mellom dei to partane. Utover det ønskjer eg ikkje kommentere saka, seier Johs Aspehaug, AaFK sin advokat til NRK onsdag kveld.

– Rettsforliket blir sendt ut torsdag, fortel dagleg leiar i AaFK, Henrik Hoff, som heller ikkje vil kommentere saka utover det.

NRK.no har så langt ikkje lukkast å kome i kontakt med Harald Aabrekk.

Fekk sparken i april

Harald Aabrekk fekk sparken som hovudtrenar 28. april, etter berre fire serierundar. AaFK og trenaren vart ikkje einige om sluttpakke, og i sommar gjekk Aabrekk til søksmål mot klubben.

Det var manglande tillit i spelargruppa som skal ha vore årsaka til at Aabrekk i går fekk sparken.

I dag møtte 59-åringen sin gamle arbeidsgivar til rettsmekling ved tinghuset i Ålesund.

Trist at det gjekk så langt

AaFK-leder Reidar Mjelde har tidlegare sagt til NRK.no at det burde vore unødvendig at saka gjekk så langt at Aabrekk saksøkte klubben.

– Det er trist at det har gått så langt. Eg håper vi kan ha ein konstruktiv dialog på dette slik at vi kan avslutte saka på ein god måte for begge partar, utanom rettsapparatet, seier han til NRK.

Dersom partane ikkje hadde blitt einige i dag kunne det heile ha enda i rettssak.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL