Hopp til innhold

Rektor: – Vi er glade for at han er i live

Øystein Windstad som vart angripen i Tsjetsjenia er student ved Høgskulen i Volda. Rektor Johann Roppen synest det er forferdeleg det som skjedde.

Johann Roppen

Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen, seier at skulen ikkje visste om reportasjeturen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Romsdalingen Øystein Windstad og fire andre journalistar var på veg frå Ingusjetia til Tsjetsjenia saman med russiske menneskerettsaktivitear då dei vart angripne av maskerte menn. Windstad vart banka opp med trestokkar og ligg no på sjukehus med gipsa bein og han har sydd fleire sting.

LES OGSÅ:

Glad han overlevde

Windstad studerer dokumentarjournalistikk ved Høgskulen i Volda. Rektor Johann Roppen synest det som har skjedd er forferdeleg.

– Vi er veldig glade både for at han kom frå det i live, seier Roppen.

Journalistane var på veg til Tsjetsjenias hovudstad Groznyj. Der skulle dei møte offer for brot på menneskerettane og familiemedlemmar til bortførte menneske. Windstad har skrive kritiske saker om regimet der tidlegare.

Skulen visste ikkje om turen

Reportasjeturen hadde ikkje noko med Høgskulen i Volda å gjere.

– Dette var ikkje ein tur vi hadde fått beskjed om. Det var ikkje ei studentoppgåve eller eit forskingsprosjekt. Han var der som frilansar på oppdrag frå andre media, seier Roppen.

Kva tenkjer du om risikoen journalistane har tatt på ein slik tur, når UD frårådar å reise dit?

– Det har eg eit todelt syn på. Som utdanningsinstitusjon er det vanskeleg å tenkje at vi skal sende unge, uredde journalistar dit utan eit veldig godt opplegg. På den andre sida er det nettopp i slike delar av verda journalistar verkeleg trengst, seier Roppen.

– Jeg så at de var uoppmerksomme et sekund, og greide å hoppe ut av bussen. Jeg la på sprang bortover en mark, og klarte å gjemme meg i det høye gresset. Sekunder etter at jeg klarte å ta meg ut av bussen, eksploderte den, sier journalist Øystein Windstad til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL