Hopp til innhold

Kjent russisk journalist angripen på gata i Tsjetsjenia

Ein uavhengig russisk gravejournalist og ein menneskerettsadvokat skal ha blitt påførte alvorlege skader av væpna, maskerte menn.

Elena Milasjina ble banket opp og kastet maling på.

PÅ SJUKEHUS: Jelena Milasjina blei banka opp på gata og dekt i eit blågrønt stoff. Dette er det same som Alexei Navalnyj blei angripe med, seier Olga Sadovskaja.

Foto: Sergei Babenets

Tidleg tysdag morgon sette Jelena Milasjina seg inn i ein taxi.

Ho er undersøkande journalist i den uavhengige russiske avisa Novaya Gazeta, og var på veg til Groznyj for å dekke ei rettssak.

Saman med henne sat forsvarsadvokaten, Alexander Nemov.

-

Milasjina er undersøkande journalist i Novaya Gazeta.

Foto: Morten Holm / NTB

Menneskerettsorganisasjonen han jobbar for, Komiteen mot tortur, trur dei må ha møttest på flyet og tilfeldigvis enda opp i same bil, for dei kjenner ikkje kvarandre godt.

Så skal taxien plutseleg ha sakka ned. Tre bilar omringa og tvinga sjåføren til å stoppe, seier visedirektør for organisasjonen, Olga Sadovskaja til NRK.

Passasjerane blei dregne ut av seta sine og «alvorleg banka opp», fortel ho vidare.

– Dei sa tydeleg til henne: «Slutt å reise hit og slutt å skrive om dette».

Tsjetsjenia er ein russisk region som ligg langt sør, og har status som republikk i Russland.

Flytta til nytt sjukehus

Milasjina har hjerneristing, og Nemov slit med å gå etter angrepet, ifølge dei som er saman med dei tysdag ettermiddag.

– Dei er begge i sjokk, så det blir vanskeleg å døme korleis dei har det psykisk før litt seinare.

– Men dei kommuniserer, dei forstår det som har skjedd, og veit at det er mange folk som støttar dei.

Prominent Russian journalist and lawyer attacked in Chechnya

Nemov på veg inn i ambulansen, med Milasjina bak seg.

Foto: CREW AGAINST TORTURE / Reuters

Sidan dei blei lagt inn på sjukehuset i nærleiken, har Milasjina og Nemov har blitt overførte til ein naboregion for å få behandling der, fortel Sadovskaja.

På det første sjukehuset fekk Milasjina besøk av Mansur Soltajev, ein tsjetsjensk menneskerettskommissær, ifølge Reuters.

– Det var ei klassisk kidnapping. Dei kasta sjåføren vår ut av bilen, sette seg inn, tvinga hovuda våre ned, knytte hendene mine, tvinga meg ned på kne og retta ein pistol mot hovudet mitt, fortalde Milasjina under besøket.

Prominent Russian journalist and lawyer attacked in Chechnya

Milasjina og Nemov (til venstre) møtte menneskerettskommissæren i Tsjetsjenia (midten) på sjukehuset etter angrepet.

Foto: CREW AGAINST TORTURE / Reuters

Dei skal no vere saman med advokatar frå Komiteen mot tortur. Etter planen skal dei fraktast til Moskva for ytterlegare behandling.

– Vi har ikkje noko tillit til den medisinske undersøkinga i Groznyj, og vi meiner at å bli der hadde vore ein konstant trugsel mot Jelena, seier Sadovskaja.

Dekt i same stoff som Navalnyj

Det antiseptiske stoffet som Milasjina har på kroppen er det same som Alexei Navalnyj har blitt angripe med før, meiner Sadovskaja.

Zeljonka, eller «briljant grøn», er eit vanleg antiseptisk stoff i Russland som har blitt brukt i protestar og angrep.

– Det ser morosamt ut, men det gjer vondt som berre helvete, tvitra Navalnyj etter eitt av angrepa.

Ifølge ein rapport på russisk fekk han ein kjemisk skade på auget frå stoffet.

-

Navalnyj let seg fotografere etter å ha blitt angripen i Moskva.

Foto: Evgeny Feldman / AP

Det er heller ikkje første gongen Milasjina blir angripen. I februar 2020 blei ho overfallen i lobbyen til hotellet sitt i Groznyj, melder Reporterar utan grenser (RSF).

Redaksjonen skal så ha motteke eit trugselbrev adressert til henne, som kravde at ho skulle «gløyme Tsjetsjenia».

Sadovskaja meiner at gjerningspersonane bak tysdagens angrep truleg aldri vil bli identifiserte, ut ifrå organisasjonen sine tidlegare erfaringar.

Nyheitsbyrået Reuters har ikkje lukkast i å få ein kommentar frå dei tsjetsjenske styresmaktene.

– Ein veldig modig journalist

Milasjina tok imot Sakharov-prisen i Oslo på vegner av Novaja Gazeta for seks år sidan, saman med Komiteen mot Tortur, som Sadovskaja representerte.

Inna Sangadzjieva er direktør for Europa og Sentral-Asia i Den norske Helsingforskomiteen, og har kjent Milasjina i 13 år.

– Jelena Milasjina er ei veldig modig kvinne. Ein modig journalist, som sidan 2010 tok over dekninga av Tsjetsjenia.

-

Sangadzjieva seier Milasjina er trufast for sakene ho jobbar med.

Dette er etter at journalist Anna Politkovskaja og menneskerettsaktivist Natalia Estimirova blei drepne i landet.

Sjølv har Milasjina blitt angripen mange gongar, og likevel kome tilbake for å dekke viktige saker, fortel Sangadzjieva.

– Det som har skjedd i dag er det siste i ei lang rekke overgrep frå russiske styresmakter. Dette er rettslaust.

– Journalistane har varsla i fleire år om kor farlege russiske styresmakter er. I dag finst det ikkje noko rettsleg vern, særleg for aktivistar og journalistar.

Skulle i rettssaka til Zarema Musajeva

Dei var begge til stades i Groznyj for å dekke domfellinga av Zarema Musajeva, som gjekk føre seg tysdag. Nemov er advokaten som skulle representere henne.

Musajeva er ei Tsjetsjensk kvinne, og var tiltalt for bedrageri og angrep på ein politibetjent.

Russia Chechnya Attack

Nemov er advokaten til Zarema Musajeva, og tilsett i Komiteen mot tortur.

Foto: AP

Kritikarar ser på saka mot henne som hemn på sonene og mannen, som blei sett på som illojale mot den tsjetsjenske leiaren Ramzan Kadyrov og har flykta ut av landet.

Retten heldt fram utan forsvarsadvokaten til stades, og dømte Musajeva til fem og eit halvt år i ein straffekoloni. Sadovskaja kallar dette for ein «dødsdom».

SISTE NYTT

Siste nytt