Gler seg til å få sonen heim

Heime i Aukra sit familien til Øystein Windstad og ventar spent på å høyre frå han. Onsdag blei han angripen under ein reportasjetur i Russland.

Øystein Windstad

Ny Tids journalist Øystein Windstad frå Aukra var blant journalistane som blei angripen og såra i den russiske delrepublikken Ingusjetia.

Foto: Jarl Nymo / NRK

Kilde: NRK/NTB

Windstad (32) som jobbar for magasinet Ny Tid, var på veg til Tsjetsjenia på reportasjetur med russiske menneskerettsaktivistar då minibussen dei sat i blei angripen.

Journalisten frå Aukra har fortalt redaktøren sin at han trudde han skulle døy då rundt 20 menn angreip reisefølget i den russiske delrepublikken Ingusjetia.

– Han er på sjukehus med utslåtte tenner, gipsa bein, kutt i kneet og ansiktet og blåmerke over alt. Han er ordentleg mørbanka, seier redaktør Truls Lie til NTB onsdag kveld.

Sjokkoppleving

Windstad jobbar no for avisa Ny Tid, men har tidlegare arbeida for NRK i fleire redaksjonar, mellom anna NRK Møre og Romsdal. Han studerer også master i dokumentarvitskap ved Høgskulen i Volda.

Heime i Aukra sit familien til Windstad og ventar på å høyre frå sonen sin.

– Mobilen hans er knust så det har ikkje vore mogleg å snakke med han, men ein frå UD som snakka med Øystein har informert oss om kva som har skjedd. Ifølge han beskriv Øystein det som ei sjokkoppleving, men at han er ved godt mot, seier faren Asbjørn Windstad.

Etter planen skulle Windstad følge opp ei sak om to tsjetsjarar som blei sendt ut av Norge til Russland. Derfrå blei dei sendt tilbake til Tsjetsjenia, der dei blei torturert og drepe.

– Vi var førebudd på at det kunne vere farleg for han å reise dit og jobbe med ei slik sak, men det var likevel godt å få beskjeden om at det gjekk bra med han, seier Asbjørn.

Han fortel at UD no jobbar for å få Øystein og den svensk kollegaen hans heim så fort som råd.

– For oss er det tryggande å vite at UD skal hjelpe han heim, og at resten av reisa hans er avlyst, seier han.

– Vi har fått mykje god informasjon og omsorg heile vegen og det betyr utruleg mykje. No ser vi berre fram til å få han heim, held han fram.

Laster kart, vennligst vent...

Her skjedde angrepet.

Siste video/lyd

Han likar å halde på heime i garasjen. Tidlegare har han bygd ein kopi av Pelle Politibil, og i februar i år sette han i gang eit nytt prosjekt som han no er i ferd med å avslutte.
Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.