Hopp til innhold

Rekordmange ber om hjelp til jul

Talet på hjelp til jul-annonsar på Finn.no er dobla samanlikna med i fjor. Ei hjelpegruppe får fleire førespurnader enn dei greier å ta hand om. – Trist, seier Barne- og familieministeren.

Hjelpegruppen Ålesund og omegn deler ut matkasser til jul

Matkassene Hjelpegruppe Ålesund deler ut inneheld alt du treng til julemiddagen, i tillegg til gode ein elles ikkje tek seg råd til med trong økonomi.

Foto: Cecilie Sæther

– Ei kvinne fekk spørsmål frå kollegaer om kva ho hadde gjort for å gå så mykje ned i vekt. Det var svolt. Ho legg seg svolten, fordi ho ikkje har råd til rekningar og mat. Ho ofrar seg, slik at barna hennar får ete.

Cecilie Sæther i Hjelpegruppen Ålesund og omegn

Cecilie Sæther i Hjelpegruppe Ålesund og omegn har engasjert familie og vennar for å klare å hjelpe så mange som mogleg denne jula.

Foto: Cecilie Sæther

Det fortel Cecilie Sæther i Hjelpegruppa Ålesund og omegn. Til jul deler dei ut matkasser til familiar som ikkje har råd til julemat sjølve. I år har det meldt seg fleire familiar enn dei hadde mat til.

– Det er ikkje lett å seie nei, men vi har ikkje fleire matkasser å dele ut. Vi kan ta ein nødhandel, men då får ein ikkje i nærleiken av det som er i matkassene. Då prøver vi å kjøpe det mest livsnødvendige av mat.

I fjor var det 197 familiar som melde seg til å få matkasse til jul, i år er dei oppe i 260.

Hjelpegruppen i Ålesund og omegn deler ut matkasser til jul

Her står matkassene stabla og er klare for utlevering. Hjelpegruppe Ålesund enda på 250 kasser.

Foto: Cecilie Sæther

Rekordmange hjelpeannonsar

Også Finn.no melder om ein kraftig auke i talet på annonsar der folk ønsker, eller tilbyr hjelp til jul.

Fleire enn 1700 har bedt om hjelp. Det er meir enn dobbelt så mange som i fjor. Og fleire enn 3700 har lagt ut ei annonse der dei tilbyr mat, gåver eller anna til dei som manglar det. Det er ei tredobling sidan jula 2020.

Ifølge Kathrine Opshaug Bakke, bruktmarkedsekspert og leder for FINN torget, er det mye enklere å gi en brukt julegave når man vet at mottaker ønsker seg en brukt gave

Kathrine Opshaug Bakke er leiar for Finn torget. Der er det mange fleire som tilbyr julehjelp i år.

Foto: Caroline Roka / Finn

– Kvart år ser vi ein stor auke i interessa, og i fjor var eit rekordår. Likevel ser vi at tala for i år er i ein heilt annan skala, seier Kathrine Opshaug Bakke i Finn.no.

Ho legg til at ein av årsakene kan vere at dette tilbodet har blitt meir kjent, og at det har blitt meir akseptert å bruke. Men i tillegg trur dei det er ein del som har fått det vanskelegare økonomisk etter koronapandemien.

– Trist

Barne- og familieminister Kjersti Toppe seier dei vil drive ein politikk som reduserer og førebyggjer fattigdom.

Toppe synast det er trist å høyre at fleire barnefamiliar ikkje har råd til mat og gåver i jula.

Kjersti Toppe

Barne- og familieminister Kjersti Toppe roser Cecilie Sæther og andre frivillige som står på for å gi andre ei god jul.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ingen barn skal vere nøydd til å gå svoltne i Noreg. Samtidig synest eg det er utruleg fint at det er så mange der ute som ynsker å hjelpe dei som treng det mest. Cecilie og andre frivillige gjer ein viktig innsats i å tilby slike hjelpetilbod til barnefamiliar som slit.

Les også: Småbarnsforeldre slit i førjulstida

Stor takksemd

Cecilie Sæther i Hjelpegruppa Ålesund og omegn fortel at for mange er det så vondt å ta imot hjelp, at dei ender opp med å reise tomhendte heim frå utleveringsstaden i frykt for å bli sett.

– Dei sender melding og seier at det tok sånn på psykisk, og lurer på korleis vi kan fikse det. Då svarar eg at veit du kva, vi tek det på søndag på baksida ved lageret. Ingen ser at det er du. Og du er ikkje åleine.

Hjelpegruppen Ålesund og omegn deler ut matkasser til jul

For berre eit par år sidan delte hjelpegruppa ut under 100 kasser til jul. Talet har vokse raskt, og i år hadde dei ikkje nok.

Foto: Cecilie Sæther

Men når folk først tek steget og møter opp, så er takksemda stor.

– Folk gret av glede, og dei gret i timevis etter maten er levert. Det haglar inn med takkemeldingar, og du har berre lyst å omfamne alle saman.