Hopp til innhold

Rekordmange barn les bøker i sommar

Ein lesekonkurranse fører til at fleire born enn nokon gong les bøker i sommar. Konkurransen «Sommarles» er arrangert av biblioteka i Noreg, og over 100.000 barn har meldt seg på.

Sommarles Andrea, Olea og Emma Nesset Kvalsund

LES BØKER I SOMMAR: Slik sit Andrea, Olea og Emma Nesset Kvalsund ofte i sofaen med kvar si bok. Dei er med på kampanjen Sommarles.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Systrene Olea (5), Emma (9) og Andrea (10), alle med etternamnet Nesset Kvalsund, bur på Hareid på Sunnmøre. Dei stoppar ikkje å lese sjølv om det er skulefri. I sommar konkurrerer dei om å lese mest mogleg.

– Dette er veldig spennande. Som regel forstår eg alt som står i bøkene, seier Andrea.

Veslesyster Olea er også med, sjølv om ho ikkje har byrja på skule enno.

– Eg les mest i desse bøkene, seier ho og viser fram bøkene ho har teke med seg til sofaen. Dette er bøker som er morosame å lese, forklarar ho.

Andrea, Emma og Olea Nesset Kvalsund registrerer bøker på Sommarles

Andrea, Emma og Olea Nesset Kvalsund registrerer bøkene dei har lest på nettsida til Sommarles.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kampanje for leselyst

Sommarles er ein konkurranse for elevar i barneskulen. Kampanjen varer frå 1. juni til 31. august. Deltakarane samlar poeng ved å løyse oppgåver, hente kodar på det lokale biblioteket og lese og registrere så mange bøker dei orkar.

Deltakarane vinn digitale trofé og premiar som dei kan hente på biblioteket.

Over 100.000 elevar er med. Dette utgjer 25 prosent av alle elevane på barneskulen i Noreg. Dette er ny deltakarrekord.

Flest frå Rogaland

Det er Rogaland som har flest deltakarar. Jamt over er det litt fleire jenter enn gutar med i kampanjen.

Deltakarar i Sommarles pr. 19.juni 2019

Fylke

Deltakarar

Prosentvis

Akershus

12728

21,8 %

Aust-Agder

2706

25,6 %

Buskerud

4805

20,0%

Finnmark

1306

21,7%

Hedmark

3163

21,2%

Hordaland

8633

19,6%

Møre og Romsdal

5391

23,9%

Nordland

3888

21,5%

Oppland

2480

18,4%

Oslo

5124

10,5%

Rogaland

14956

36,0%

Sogn og Fjordane

2727

29,8%

Telemark

3591

25,7%

Troms

1491

13,6%

Trøndelag

11418

29,7%

Vest-Agder

4773

27,9%

Vestfold

5639

27,9%

Østfold

6706

27,4%

– Misser leseevne i sommarferien

No har prosjektet blitt forskingstema. Seniorforskar Lidun Hareide frå Møreforsking og Silje Ims Lied frå Høgskulen i Volda er overtydde om at «Sommarles» er eit bra tiltak. Forskarane skal undersøkje materiale frå over 105 000 barn som deltok i Sommarles i 2018.

– Dei barna som les om sommaren held ved like lesekompetansen sin. Dei som ikkje les misser slik kompetanse gjennom sommaren, seier forskar Lidun Hareide.

Tilbakegang i leseutviklinga er, ifølgje forskarane, godt dokumentert også gjennom utanlandske studiar. I fleire internasjonale forskingsrapportar blir det hevda at barn taper opp til tre månaders leseutvikling på grunn av det som blir kalla «summer reading loss».

Forskarar studerer lesing

Silje Ims Lied frå Høgskulen i Volda (t.v.V9 og Lidun Hareide frå Møreforsking forskar på Sommarles.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Gir barna meirsmak

Mor til dei tre jentene, Julianne Nesset Kvalsund, er strålande nøgd med at døtrene er blitt så ivrige til å lese, også om sommaren.

– Det er blitt stas og det er blitt morosamt. Og «Sommarles» gjev barna mine meirsmak slik at dei gjerne vil lese vidare, seier ho.

– Alle bør prøve

Når dei tre jentene i familien Nesset Kvalsund har lese ei bok, finn dei fram iPaden og loggar seg på «Sommarles». Der registrerer dei bøkene dei har lese. Og stadig får dei nye premiar frå biblioteket fordi dei har nådd nye mål.

– Alle må prøve dette, for det er svært gøy, seier Andrea.

Og søstera Emma følgjer opp.

– Det kan jo hende at nokon ikkje har noko å gjere i sommarferien. Då går det an å berre finne seg ei bok og setje seg i sofaen for å lese, seier ho.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL