Hopp til innhold

Slik har dei fått rekordmange ungar til å lese

FØRDE (NRK): Sommarles-kampanjen har engasjert born i heile landet til å lese i ferien. Ved Førde bibliotek har nesten dobbelt så mange vore med i år som i fjor.

BIBLIOTEKET I FØRDE: Johanna Fonn og Lea Losnegård Pedersen syner sine favorittbøker

LESEGLADE UNGAR: Lea Losnegård Pedersen (8) og Johanna Fonn (11) har lese mange bøker i sommar.

Foto: Ingvild Eide / NRK

– Eg er glad i å lese fordi det er kjekt og fordi eg kan lære noko, seier Lea Losnegård Pedersen (8).

– Ein har noko å gjere om ein keiar seg eller om det er dårleg vêr ute, legg Johanna Fonn (11) til.

Lea og Johanna er to av over hundre tusen born som har vore med på lesekonkurransen Sommarles.

Dobbelt så mange som i fjor

Ved Førde bibliotek har dei i år nesten dobla talet på deltakarar i konkurransen.

– Det har vore så stort trykk at vi vart tomme for dei mest populære premiane og måtte bestille inn fleire, seier bibliotekar Ingunn Helene Fleten.

Fleten meiner ungane har vore flinke til å snakke seg i mellom.

– Eg trur òg det har vore litt inspirerande at ungane har sett at dei som har vore med har fått premiar.

BIBLIOTEKET I FØRDE: Ingunn Helene Fleten er godt nøgd med årets deltaking i sommarles

KJEMPEKJEKT: Ingunn Fleten ved Førde bibliotek er godt nøgd med deltakinga i årets Sommarles.

Foto: Ingvild Eide / NRK

Ei plattform som fungerer

Prosjektleiar for Sommarles, Pernilla Slotte Hjermann ved Vestfold Fylkesbibliotek seier det er mange bibliotek som opplever det same som Førde.

Eg trur årsaka er at mange tidlegare har hatt tradisjonelle lesekampanjar som ikkje har klart å nå ut til ungane. Vi ønska å lage ein meir moderne og morosam lesekonkurranse.

Også på landsbasis er auken stor, 106 266 born mot rundt 60 000 i fjor. Ei forklaring er at dette er første året alle fylka er med.

Trude Hoel, førsteamanuensis ved Lesenteret ved Universitetet i Stavanger meiner nøkkelen til suksessen er at Sommarles har skapt ei nasjonal plattform på Internett som kombinerer spel, eller "gamification", og tradisjonell lesing.

– Plattforma er ein arena der ein kan dokumentere for seg sjølv, få tips til bøker og få anerkjenning for å vere ein lesar. Ein blir ein del av noko større, seier Hoel.

Forskar positiv til Sommarles

Pernilla Slotte Hjermann meiner det er behov for eit slikt tiltak for å engasjere born til å lese i ferien. Trude Hoel ved UiS ser ikkje noko negativt i at ein blir løna med premie.

– Nokre har sterk indre motivasjon, medan andre treng ytre faktorar. For dei kan Sommarles vere positivt, seier Hoel.

Forskaren understrekar at Sommarles er ein kampanje for leselyst.

– Leseferdigheitene jobbar ein først og fremst med i skulen, men det er kjekt at det er nokre som held fokus på lesing også i dei månadane det er ferie. Vi veit frå leseundersøkingar at ungar som les på fritida blir betre til å lese.

Ho meiner dei gode tala frå Sommarles er svært positive. Ein føresetnad er likevel at det er borna sjølve som vel å vere med.

DIPLOM: Johanna Fonn har fått diplom for si deltaking i sommarles

STORLESAR: Johanna har fått diplom for deltakinga i Sommarles som viser kor mange bøker og sider ho har lese gjennom sommaren.

Foto: Ingvild Eide / NRK