Hopp til innhold

Redkordår for Trollstigen

Det går mot ein rekordsesong for Trollstigen. Nærare 150 000 fleire har vitja det populære landemerket i år enn i fjor.

Trollstigen

REKORDBESØK: Rekordmange har tatt turen til Trollstigen i år. Totalt 808 397 personar har besøkt det kjende landemerket i år.

Foto: T. P. Krohn

Det viser tal frå Statens vegvesen. Per 28. september 2014 visar tala at 808 397 personar har besøkt Trollstigen så langt i 2014. Ein tidleg start på sesongen har også hatt effekt. Opningsdatoen i år var allereie 8. mai, mot 22. mai i 2013.

– Det er fleire som har tatt turen i år enn nokon gong. Det tykkjer vi er utruleg kjekt. Det er fantastisk å vere reiselivssjef i eit området der veksten har vore så stor, seier Hilde Gråberg Bakke, Reiselivssjef i Romsdal Reiseliv og Handel.

Trollstigen er eit av Norges mest besøkte naturbaserte turistattraksjon og eit internasjonalt reisemål for svært mange. Sidan opninga 16. juni 2012 har Trollstigen vunne fleire prisar i konkurransar både i inn- og utland.

Positivt for reiselivet

Trollstigen er den fremste av dei 18 nasjonale turistvegane i Norge, og får merksemd frå heile verda. Bakke meiner at auken er eit resultat av dette, saman med ei marknadsføring og gode aktivitetar og attraksjonar på Trollstigen.

Hilde Gråberg Bakke

NØGD: Hilde Gråberg Bakke er svært nøgd med årets sesong.

– Trollstigen har blitt ein attraksjon som mange vil oppleve. I tillegg er det eit punkt på vegen mot blant anna Geiranger, Åndalsnes og Ålesund, som er andre store turistattraksjonar her i fylket. Det bidreg til å auke besøkstala, seier Bakke.

Romsdal Reiseliv og Handel er svært nøgde med turistsesongen i Rauma så langt i år, og kan melde om gode besøkstal i løpet av sommaren.

– Det er klart at denne auken skaper aktivitet for reiselivet i området. Med ein så stor tilstrøyming fører til inntekter i form av overnatting, mat, transport, suvenirar, utstyr og guidar, seier Bakke.

Ho meiner dei har jobba hardt for å legge til rette for gode aktivitetar og attraksjonar i regionane.

– Det har vore viktig for oss å trekkje til oss turistar, og for å få dei til å stoppe opp på vegen til og frå andre turistdestinasjonar i fylket, seier Bakke.

Framleis nokre utfordringar

No jobbar dei vidare for å løyse dei attståande utfordringane knytt til Trollstigen.

– Parkeringsarealet som er disponibelt er altfor lite i forhold til besøket på svært mange dagar, og mobildekning er fråverande mot Valldal. Det jobbar vi med å løyse til 2015, seier Bakke.

På dei mest populære dagane kan det fort bli stor kø i Trollstigen. No jobbar reiselivet i området med å sjå på ulike løysingar for å løyse også dette.

– Vi vil at alle som vitjar Trollstigen skal ha ei god oppleving. Kanskje blir det aktuelt med meir offentleg transport opp dit med buss for å kunne fordele trafikken meir utover dagen, seier Bakke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL