Hopp til innhold

Er redd det skal gå fleire ras på den ikoniske turistvegen

Etter vekesvis med snømåking opna endeleg Trollstigen. Men fylkeskommunen meiner det hastar å sikre den nasjonale turistvegen mot ras.

Trollstigen med sine ikoniske, snirklete hårsvingar har vore vinterstengt. Dei siste dagane har enkelte utolmodige turistar tatt seg forbi bommane, men i dag blei sesongen offisielt opna.

Tonnevis med snø er rydda bort og geologar har sjekka at det ikkje er store steinnedfall i vegen.

Ein som stod klar i kø var motorsyklist Håvard Thomassen frå Vadsø.

Håvard Thomassen og Jan Julius er på motorsykkeltur til Trollstigen

Håvard Thomassen og Jan Julius Onseng er på motorsykkeltur til Trollstigen.

Foto: Webjørn Espeland / NRK

– Eg har ikkje komme eins ærend for opninga, ler motorsyklisten. Han var i godt selskap av tyske, danske og nederlandske turistar.

Kvart år brukar over ein million turistar å køyre over Trollstigen.

Redd for ras

Leiar i samferdselsutvalet i fylkeskommunen, Kristin Sørheim (Sp) stod for den offisielle opninga, og ho var tydeleg stolt.

– Det er kanskje den mest spektakulære turistvegen vi har i Noreg, så no er den opna for sesongen.

Likevel er ho bekymra for tryggleiken.

Like før sesongopning i fjor gjekk det eit stort snøras ved kafebygget. Skadane blei så store at kafeen framleis ikkje kan opne.

Trollstigen kafé truffet av snøras

Slik såg det ut i kafebygget etter raset.

Stein gjennom panser, Trollstigen

I 2021 blei ein bil treft av ein stein i Kjelstadsvingen på veg ned Trollstigen.

Steinras ved Trollstigen

Denne steinen heldt på å treffe ein bil på Trollstigen i 2021.

Dag Christian Ugseth Roar Vikhagen på befaring på Trollstigveien.

Ein stor stein låg i vegen under befaringa i 2022.

Befaring Trollstigen

Slik såg delar av vegen ut då snøen smelta i fjor.

Fylkeskommunen er redd for fleire steinras på grunn av klimaendringar, og meiner det hastar med rassikring.

– Det kan skje stygge ulykker her visst vi er så uheldige at det går ras, seier Sørheim.

Kritisk til at arbeidet går for seint

Ole Johnny Amundsen i Romsdal reiseliv

Ole Johnny Amundsen forstår ikkje kvifor det tar så lang tid å reparere skadane på restauranten.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Kafebygget har framleis sponplater framfor vindauga som knuste i snøraset.

Styreleiar i Romsdal reiseliv, Ole Johnny Amundsen, er overraska over at Nasjonale turistvegar ikkje har klart å opne restauranten og anlegget som dei har brukt fleire hundre millionar kroner på.

– Dei har bestemt at det skal vere food trucks i år også, i staden for å opne den flotte restauranten, seier Amundsen.

Han forstår ikkje kva som tar så lang tid, og meiner rundt 10.000 turistar dagleg ikkje får den komplette opplevinga av turen før heile anlegget opnar.

Les også Foreslår at turistar må betale for å besøkje den verdskjende strekninga

Trollstigen

Amundsen håper at dei sett opp farta og blir ferdig med renoveringa til fellesferien.

Nasjonal turistvegar seier at det er eit omfattande arbeid med full restaurering etter dei store skadane. Dei rekk ikkje å bli ferdige før i 2024.

Alt dette er eit omfattande arbeid parallelt med turisttrafikken. I tillegg er anleggssesongen på denne vêrharde staden kort, seier pressekontakt Per Ritzler.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL