Hopp til innhold

Trollstigen opnar rekord-tidleg

Torsdag 8. mai klokka 0800 opnar Trollstigen for sesongen. Det er den tidlegaste opninga på 23 år.

Trollstigen i Møre og Romsdal

Dette biletet er teke på sommarstid. No er det like før vi skal få oppleve dette igjen. Torsdag 8. mai 2014 opnar Trollstigen.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Trollstigen svingar seg opp den stupbratte fjellsida inst i Isterdalen. Vegen er stengd kvar vinter. Om vintrane heng snø og is i fjellsida og skaper stor skredfare. I tillegg ligg snøen fleire meter djup på toppen.

Men denne vinteren har det vore lite snø og is i fjellet. Dette er hovudårsaka til den tidlege opninga.

Vegvesenet sine folk har også kika på vêrmeldingane for dagane framover. Prognosane for rimeleg bra ver er ikkje så aller verst.

– Slik det ser ut no er det berre endringar i vêret som gjer at vegen kan verte stengt igjen. Får vi mykje nedbør, kan det kome stein ned på vegen. Da må vi stenge han av tryggleiksmessige årsaker, fortel byggeleiar Roar Vikhagen i Statens vegvesen.

Sommaropning Trollstigen

1990

12. mai

1991

8. mai

1992

27.mai

1993

28.mai

1994

20.mai

1995

28.mai

1996

24.mai

1997

6. juni

1998

15.mai

1999

14.mai

2000

26.mai

2001

21.mai

2002

23.mai

2003

28.mai

2004

29.mai

2005

1. juni

2006

23.mai

2007

23.mai

2008

27.mai

2009

20.mai

2010

28.mai

2011

13.mai

2012

1.juni

2013

22.mai

2014

8.mai

2015

13.mai

Ekspander/minimer faktaboks

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL