Normal

Evakuert for sjuande gong: – Skulle ønske raset kom 

Kjell Sogge, ein av bebuarane under Mannen, følgde spent med då det rasa frå fjellet i går. Han skulle likevel ønske at raset var større.

Kjell Sogge

Kjell Sogge seier at usikkerheita rundt evakueringane er det verste med å bu under fjellet Mannen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er usikkerheita rundt evakueringane som er det verst å leve med, ikkje frykta for eit ras, seier Kjell Sogge, som bur i utkanten av området som blir stengt under evakueringane.

Onsdag skjedde det igjen. For sjuande gong blei farenivået ved Mannen i Rauma oppgradert til raudt. Dermed måtte dei 11 bebuarane under fjellet evakuere.

– Ikkje stort nok

Dei siste åra har det ustabile fjellpartiet i «Mannen» blitt nøye overvaka av NVE. Geologar måler bevegelsane i fleire delar av fjellet og held auge med vêrvarslinga. Mange faktorar kan verke inn på farta til fjellpartiet, og dei må varsle så snart som råd når eit ras kan vere i emning.

Kjell Sogge

Kjell Sogge hadde håpt at raset som gjekk torsdag ville vere større.

Foto: Remi Sagen / NRK

Sogge har vakse opp under Mannen og vore vand til å høyre buldring og sjå steinsprang frå fjellet gjennom heile oppveksten. Torsdag var han vitne til raset som kom nedover fjellsida med stor styrke.

– Eg høyrde at det buldra, så eg sat meg ut på trappa med kaffikoppen og fekk med meg alt, seier Sogge.

Han skulle likevel ønska at raset var større.

– Det kunne ha kome meir når det først rasa, så hadde vi kanskje blitt ferdige med dette, seier Sogge.

Trur det blir fleire evakueringar

Onsdag og torsdag var det store bevegelsar i det rasfarlege partiet ved Mannen. Fredag kunne Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) melde at bevegelsane hadde byrja å minke litt.

Ras ved Mannen 13.09.18

Torsdag ettermiddag gjekk det eit ras på eitt par kubikkmeter frå fjellet Mannen.

Foto: NRK

Likevel tør ikkje geologane å endre farenivået ved Mannen. Fredag ettermiddag blei det klart at dei beheld raudt farenivå ved fjellet.

Sogge trur likevel at han og dei andre bebuarane må innstille seg på fleire evakueringsrundar utover hausten.

– Geologane har fortalt at fjellet er meir ustabilt no, men det kan nok bli ein til to evakueringar til i haust, seier Sogge.

Tenker meir på bror sin

Heimen til Kjell Sogge blir truleg ikkje råka av eit ras, men vegen til og frå eigedomen hans blir stengt under evakueringane.

Broren til Sogge derimot, driv garden som ligg like under Mannen. Det er denne som er mest utsett for eit ras frå fjellet. Sogge trur difor at situasjonen er langt meir krevjande for broren og familien hans.

– Det slit nok på dei. Dei har også mykje dyr på garden, så det er sjølvsagt slitsamt, seier han.

Sjå NVE sine eigne bilde frå torsdagens ras her: