Hopp til innhold

Rånarungdom organiserer seg: – Vi vil ha grisekøyringa vekk frå vegen

Bilglad ungdom startar Noregs første ungdomsforeining i NAF. No håpar dei å få dyrke lidenskapen for bil i meir ordna former. – Veldig positivt, meiner politiet.

Rånarar organiserer seg i NAF i Kristiansund

Dennis Greiner Uran, Tom Arild Mikaelsen Løvås og leiar Christoffer Teilgård i styret i ungdomsavdelinga til NAF Kristiansund og omegn.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Nede ved kaia i Kristiansund er det ein diger parkeringsplass med plass til alle. Ein etter ein kjem alle slags bilar rullande inn med byens rånarar. Over tretti doningar fyller til slutt plassen. Nokre er eldre enn sjåføren sjølv, andre godt påspanderte og «pimpa».

Lukta av wunderbaum og eksos er heilt klart til stades, men det er ikkje éin elbil å sjå.

Mange knyter rånarmiljøet til høg fart, støyande musikk og svidd gummi. No organiserer ungdommen seg i Kristiansund og håpar samtidig å få bukt med pøbelstempelet.

– Vi prøver å få grisekøyringa vekk frå vegen. I det siste har vi hatt litt uhell når vi har vore på treff, og ein vil gjerne unngå det, seier Christoffer Teilgård.

Rånere i Kristiansund

Rånarbilar kjem i alle slags former, men førebels har ingen av dei elbil.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Dei har no starta den aller første lokale ungdomsforeininga under NAF, Noregs automobilforbund. Rånarane håpar ressursane og pengestøtte frå NAF kan hjelpe dei i å utvikle miljøet vidare.

– Dersom NAF klarer å støtte og hjelpe oss i å få ein plass der vi kan herje, så kan vi halde på på ein litt tryggare måte, seier styreleiar Teilgård.

Det var Tidens Krav som først omtalte saka.

Vil ha med seg ungdommen

Det var NAF sjølv som tok kontakt med rånarane om å danne ei foreining. Dei har gjort forsøk tidlegare og har jobba med dette i to år.

NAF Kristiansund

Roald Sæther i NAF Kristiansund og omegn seier at både dei og ungdommen har bilinteresse, men at NAF vil ha dei med på meir ordna former.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Vi vil ha med oss ungdommen. Få dei bort frå tullekøyring og få dei inn i ordna system, seier Roald Sæther, leiar i NAF Kristiansund og omegn.

Han håpar å få miljøet over i meir ordna former og skryt av haldningane til ungdomsleiaren.

Blant ideane dei har diskutert med rånarane er å få til busstur opp til Lånkebanen i Stjørdal, mekkekveldar, og at dei kan låne teststasjonen deira til å undersøke køyretøya. Dei er også villige til å hjelpe dei med å skaffe ein eigen råneplass.

– Vi har fått eit veldig godt forhold til dei, seier Sæther.

Rånarar i Kristiansund

Rånarmiljøet vil at dei skal få ut energi og halde på, men i eit kontrollert område. I Kristiansund jaktar dei no etter ein eigen plass.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Dei har fått over 20 betalande medlemmar ungdommar, som er organisert i eit utval med eige styre under NAF Kristiansund og omegn.

Fleire av lokalavdelingane til NAF er engasjerte i ungdomsmiljøet med aktivitetar for unge sjåførar. Men å danne eit heilt lokallag for og med unge, synest dei er eit heilt nytt spennande initiativ.

Politiet er positive

Nyheita blir godt mottatt av politiet, som trur dette vil føre til noko bra.

Bjørn Fiske, politistasjonsjef i Kristiansund (Tatt 2018)

Det er viktig at ungdommen får utfalde seg, men innanfor trygge rammer, meiner politistasjonssjef i Kristiansund, Bjørn Fiske.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi tenker at dette er veldig positivt, absolutt. Å bli organisert under NAF vil kunne føre til betre samhald, disiplin og reglar som skal følgjast, seier politistasjonssjef Bjørn Fiske.

Fiske seier rånarmiljøet av og til fører med seg fart, støy og tilgrising, han håpar derfor at NAF kan hjelpe dei å finne ein plass som ikkje plagar naboar. Ei foreining vil også forenkle jobben til politiet.

– For oss vil ei slik organisering gjere dialogen lettare, når vi har ein organisasjon å samarbeide med.

Vil snu fordommane

På spørsmål om kva som er det beste med å vere rånar, er den nyvalde foreiningsleiaren klar. Det er folk.

– Eg møter nye folk nesten kvar einaste dag, og det er eit veldig sterkt samhald blant oss rånarar. Treng ein hjelp, kjem heile gjengen, seier Teilgård.

Rånerleder i Kristiansund

Styreleiar Christoffer Teilgård håpar heile Noreg skaffar seg slike foreiningar som dei har i Kristiansund.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Han trur og håpar miljøet deira og måten dei organiserer seg på, vil halde folk borte frå kriminalitet. Han håpar dei kan trasse negative fordommar mot rånarar.

Råning blir sett på som noko negativt, men vi vil få det til å sjå positivt ut. Vi er ikkje høgkriminelle folk, avsluttar Teilgård.