Hopp til innhold

– Fjord1 fjernar ein grunnstein om kontoret i Molde blir lagt ned

I dag kan Fjord1 kome til å legge ned det tradisjonsrike ferjekontoret i Molde. Heilt sidan den spede starten på ferjedrifta i Møre og Romsdal, har ferjene vore administrerte frå Molde. No kan det vere slutt.

Hilde Vilnes

FRYKTAR NEDLEGGING: Hilde Vilnes er tillitsvald i fagorganisasjonen Negotia.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Dei aller eldste hugsar reiarlaget Møre Fylke. Seinare vart dette gjort om til Møre og Romsdal Fylkesbåtar. Også etter at ferjeselskapa i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane slo seg saman i Fjord1-konsernet, har det vore ein sterk administrasjon i Molde.

I dag kan det heile vere over. Styret i Fjord1 behandlar eit forslag om at heile administrasjonen skal leggjast til Florø i Sogn og Fjordane.

– Folk er urolege. Dette har vore ein smertefull prosess, spesielt for dei tilsette i Molde, seier tillitsvald i fagorganisasjonen Negotia, Hilde Vilnes, til NRK.

Svært spent

Det arbeider 32 tilsette ved Fjord1-kontoret i Molde. No følgjer dei spent med på kva som skjer på styremøtet.

– Vi er veldig spente på kva utfall saka får i dag, seier ho, og legg til at vedtaket får spesielt store følgjer for dei tilsette i Molde.

Fjord1

Fjord1-ferjene skal framleis gå på fjorden mellom Vestnes og Molde. Men administrasjonen kan bli flytta frå Molde til Florø.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Blei kasta på oss

Hilde Vilnes seier at dei tilsette visste at det var ein effektiviseringsprosess på gang i Fjord1. Men ifølgje henne var det ikkje kjent at kontora skulle lokaliserast på same stad. Dette fekk dei tilsette først vite om 11. mars, seier ho.

Prosessen blei brått kasta på oss. Vi klarte mellombels å stoppe prosessen, fordi dei tillitsvalde ikkje var tekne med i prosessen. Dermed blei saka utsett til i dag, fortel Vilnes.

– Avgjerd på feil grunnlag

I Noreg er det hard konkurranse om ferjedrifta. Frå eit system som i hovudsak har vore basert på tildeling av konsesjonar på rutestrekningar, er systemet i dag i stor grad basert på anbodskonkurransar. I takt med denne utviklinga, og beinharde budsjettmessige prioriteringar i offentlege samferdslebudsjett, har Fjord1-økonomien blitt strammare.

– Styret er i ferd med å ta vedtak på feil grunnlag. Alle tilsette har vore uroa for framtida til Fjord1. Alle, både i Molde og i Florø, har vore opptekne av å snu den negative trenden i reiarlaget. Men reiarlaget misser mykje verdfull kompetanse om alt skal samlokaliserast i Florø, seier Vilnes.

– Uroa for framtida

Vilnes trur ikkje det kjem til å vere vanskeleg for dei tilsette i administrasjonen i Molde å finne anna arbeid. Ho er mest uroa over framtida til Fjord1.

Det er kompetent arbeidskraft som jobbar på Fjord1-kontoret. Folk her finn seg heilt sikkert anna arbeid. Men eg er uroa over framtida til reiarlaget om dei legg ned kontoret her i Molde. Vi brenn for dette selskapet, seier ho.

– Molde er ein by med rike ferjetradisjonar?

– Ja, Møre og Romsdal er jo det største ferjefylket i landet. Vi har lange tradisjonar. Ferjeselskapa har eksistert i veldig mange år. Å legge ned kontoret i Molde er å fjerne ein grunnstein, seier tillitsvald Hilde Vilnes.