Hopp til innhold

– Lat oss kaste ferjehefta

Han er administrerande direktør i Fjord1, og tek til orde for at rutehefta til ferjene skal bli overflødige. For å oppnå dette må ferjene gå så ofte, at sjølve rutetidene ikkje blir så viktige.

Ferje i ferje

Ferjene kryssar fjordar og går mellom øyar. Dei er ein del av det norske vegsystemet. Men det går ofte lang tid mellom kvar avgang, om natta er det ofte full stopp.

Foto: Anna Margrethe Drægebø Moe

Det er stor skilnad i kor ofte ferjene går. På store samband er det ikkje uvanleg at ferjene går kvar halvtime. Mange stader går det mykje, mykje lengre tid mellom kvar avgang. Og somme stader er det full stans natta gjennom.

Kva seier du? Er ferjedirektøren inne på noko? Skriv ditt syn i kommentarfeltet under artikkelen.

No vil imidlertid øvste sjefen i eit av Noregs største ferjereiarlag ha så hyppige ferjeavgangar at vi ikkje skal trenge å bry oss om ferjerutene.

Leif Øverland

Leif Øverland er administrerande direktør i Fjord1.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Dette er samfunnsøkonomisk, både når det gjeld miljø og når det gjeld å kome raskare fram, seier administrerande direktør i Fjord1, Leif Øverland.

– Det handlar om fri flyt

Det er ikkje ferjeselskapa som avgjer kor ofte ferjene skal gå. Det er fylka og staten som gjer dette. Fylka og staten legg også inn i bestillingane sine kor store ferjene skal vere, og korleis dei skal leggjast til rette for dei reisande.

– Eg vonar politikarane vil gå for denne ideen. Konseptet er veldig enkelt. Det handlar om fri flyt. Det er noko folk forstår. Når ferjene går ofte vil folk sleppe å bla i dei runge rutehefta, seier Øverland.

– Dette vekkjer oppsikt

Utspelet frå ferjedirektøren får støtte frå den fremste samferdslepolitikaren i det største ferjefylket i Noreg. Iver Nordseth er leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal. Han gjev ferjedirektøren honnør.

Iver Nordseth

Iver Nordseth er leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Dette er heilt på sin plass. Det er svært viktig at sjefen i eit så stort ferjeselskap går ut med desse tankane. Dette blir lagt merke til i Vegdirektoratet og i Samferdsledepartementet, seier leiar i samferdsleutvalet, Iver Nordseth.

– Treng vi hyppigare ferjeavgangar?

– Ja, det gjer vi så absolutt. Ferjeområdet har vore stemoderleg behandla. Det har liksom vore greitt berre det gjekk ei ferje på strekninga. Vi har ikkje hatt nok fokus på at både næringslivet og befolkninga har krav på eit skikkeleg riksveg- og fylkesvegtilbod, seier Nordseth.

– Ei forlenging av vegen

Ferjestrekningane er ein del av det norske vegsambandet. I Noreg, med fjordar og øyar, blir det ofte slik at det blir lange ventetider når ein skal følgje vegen med ferje over fjordar og havstykke.

– Vi kan ikkje lenger akseptere at det er nattestengt og halvtimesfrekvensar på viktige vegstrekningar. Ferje er berre ei forlenging av vegen. Vi må ha ein heilt annan flyt i trafikken enn det vi har i dag, seier Øverland.

– Kan ikkje vente på raudt

På mange av desse strekningane arbeider lokalpolitikarane for å få etablert samband med bruer og tunnelar. Øverland meiner det er likevel er viktig å satse på ferjene. For det kan ta lang tid før dei store bru- og tunnelplanane kan realiserast.

– Det er flott å få ei bru om 20–30 år. Men vi kan ikkje stå og vente på at det er raudt lys på vegen store deler av døgnet, seier Øverland til NRK.

– Hadde ikkje godteke dette

Leif Øverland er sjølv oppvaksen i Hedmark. Han har kome til Vestlandet som administrerande direktør i ferjeselskapet Fjor1. Han er overraska over kor tolmodige Vestlendingane er, og at dei godtek «nattestenginga» av vegsystemet.

Det er mange vegar på Austlandet som har mindre trafikk enn på mange av ferjesambanda våre. Men vi austlendingar hadde ikkje godteke at det var raudt lys på vegane store deler av døgnet, seier Øverland til NRK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL