Hopp til innhold

Desse ferjene frakta 21.500 bilar på ei veke

Trafikken på ferjesambandet Anda-Lote vart bortimot dobla i dei vekene fylkesveg 60 over Utvikfjellet var stengd, viser tal frå Ferjedatabanken.

Bilferjene Årdal og Sognefjord på Anda-Lote

TRAVELT: Bilferjene «Årdal» og «Sognefjord» gjekk i skytteltrafikk mellom Anda og Lote i slutten av juli og byrjinga av august.

Foto: Steinar Lote / NRK

Flaumen i Utvik den 24. juli stengde vegen over Utvikfjellet heilt i to veker, før det først vart opna for småbilar i kolonne. Den 11. august vart det opna for lastebilar og bussar, og den 18. august for vogntog.

Dermed vart det dei to første vekene etter flaumen at ferjene over Nordfjorden fekk det største trykket. I veka før flaumen frakta bilferja «Årdal» 13.035 bilar mellom Anda og Lote. Veka etter auka talet til 21.554. Då fekk «Årdal» hjelp av bilferja «Sognefjord» til å ta unna trafikken.

3430 bilar på ein dag

Regionleiar Tor Kristoffersen i Fjord1 seier dei første vekene etter flaumen var travle for ferjeselskapet.

– I etterkant ser vi at talet på køyretøy vart omtrent dobla, og at det var endå litt større auke i talet på passasjerar. Det siste kom av at det var veldig mange turistbussar som måtte køyre om Anda-Lote.

Den aller travlaste dagen var torsdag 27. juli. Då vart 3430 bilar og 9740 passasjerar frakta over fjorden.

¨Lange køar på Anda ferjekai, etter flaum i Utvik

LANGE KØAR: Dei første dagane etter flaumen var det kø langt oppover mot Hjelmeset frå ferjekaia på Anda.

Foto: Steinar Lote / NRK

Tre veker etter flaumen i Utvik var trafikken på Anda-Lote nede att på nivået før flaumen. Men for heile august kunne Fjord1 notere ein auke i talet på frakta bilar på 19 prosent i juli og 36,1 prosent i august, samanlikna med tilsvarande månader i 2016.

Også på ferjesambandet Isane-Stårheim var det ein god auke i trafikken i juli (12,2 prosent) og august (7,6 prosent).

– Ofra ferie og fritid

Tor Kristoffersen
Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kristoffersen i Fjord1 meiner dei takla den uventa situasjonen så godt som det kunne gjerast.

– Vi fekk på plass ekstraferje så fort det let seg gjere. Mange av våre tilsette ofra ferie og fritid, og i ettertid er vi ganske nøgde med det vi fekk til.

Med så stor trafikkauke seier det seg sjølv at Fjord1 drog inn bra med billettinntekter. Kristoffersen seier at dei ikkje har rekna så nøye på korleis selskapet kom ut økonomisk av ekstrainnsatsen.

– Det er eit komplisert bilete, for det er ei kostnadsside med å ta ut ei ekstra ferje med mannskap og med ekstra billettørar på kaiene. Det har nok gitt eit positivt bidrag til rekneskapen, men eksakte tal har eg ikkje.

Men så lønsamt at Fjord1 ynskjer seg ein ny flaum var det ikkje, forsikrar Kristoffersen.

– Eg håpar aldri at folk kjem i vanskelege situasjonar. Men oppstår det vanskelege situasjonar skal vi bidra til å gjere det så leveleg som mogeleg.