Hopp til innhold

Private får spørsmål om å leige ut til flyktningar

Snart blir utleigarar på den private bustadmarknaden spurt om dei vil leige ut til flyktningar. Finn.no trur det vil lette arbeidet til flyktningkonsulentane.

Flerkulturelle Molde

Kommunar i heile landet jobbar for å busette asylsøkjarar, også Molde.

Foto: Magnus Peter Harnes / NRK

Neste år skal 18.000 flyktningar busettast i norske kommunar. No jobbar nettstaden finn.no og Røde Kors med å gjere det enklare for kommunane å finne ut kva bustader som er tilgjengelege for flyktningar.

– Ein del av dei som leiger ut bustader har fått spørsmål om dei ynskjer å leige ut til flyktningar. Responsen er veldig god blant dei vi har snakka med, seier administrerande direktør, Sondre Gravir i finn.no.

Sondre Gravir

Sondre Gravir i finn.no seier at prosessen med å finne bustader til flyktningar skal bli enklare for kommunane.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Tidstjuv

Nettstaden utviklar ei løysing der alle bustadane som er tilgjengelege for flyktningar vert samla på ein plass. I tillegg skal leigetakarane få betre informasjon om kva det inneber å leige ut bustaden til flyktningar. Tenesta har fått namnet Hjarterom.

– Den største tidstjuven er at flyktningkonsulentane rundt om i kommunane må bruke tida på å følge med på kva bustader som er til leige og kontakte kvar einskilt utleigar. Vi vil forenkle prosessen slik at både flyktningkonsulenten og flyktningane sjølve ser kva bustader som er tilgjengelege, seier Gravir.

LES OGSÅ:

Viktig med tryggleik

Asbjørn Olsen frå Ålesund er ein av dei som har bustadannonse på nettstaden og som har fått spørsmål om han vil leige ut til flyktningar eller ikkje.

– Dette kan vere ein grei måte å gjere det på. Folk kan jo svare ja eller nei som dei vil, seier Olsen. Sjølv ser han ikkje noko problem med å leige ut leilegheita si til flyktningar, men han vil vurdere dei på same måte som norske.

– For ein utleigar er det viktigaste at du får leigeinntekter, at bustaden ikkje vert forringa og at folka som bur der ikkje lagar bråk, seier Olsen. For han er det ei tryggleik dersom det er kommunen som står som leigetakar.

Helge Eide

Helge Eide i KS seier at alle tiltak for å finne bustader til flyktningar er positivt.

Foto: Johnny Syversen

Vanskeleg for kommunane

Helge Eide, direktør for interessepolitikk i KS, seier at alle slike tiltak som for å finne bustader til flyktningar er kommunane glade for.

– Dei største utfordringane for kommunane er å finne eigna bustader. Det å auke tilgangen til bustader er eit viktig bidrag for å kunne seie ja til å busette fleire flyktningar, seier Eide.

Han trur at nordmenn synest at det er viktig å hjelpe til i denne situasjonen.

Bra at fleire bidreg

Tidlegare i haust lanserte stiftelsen bidra.no ei nettside for å kartlegge kven som vil opne heimen sin for flyktningar. Styreleiar Jan Olav Ryfetten synest satsinga til finn.no og Røde Kors er bra.

– Jo fleire som sett fokus på flyktningssituasjonen, dess betre er det, seier Ryfetten. Så langt har 2200 nordmenn gitt tilbakemelding til stiftelsen om at dei har ledig husvære.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL