Hopp til innhold

Uroleg over utviklinga: – Trudde det negative synet på kvinnelege prestar var utdøyande

Fleire unge prestestudentar er skeptiske til å samarbeide med kvinnelege kollegaer. Presteforeininga er skuffa over at biskopane ikkje set tydelegare krav.

Martin Enstad

Leiaren i Presteforeininga, Martin Enstad, etterlyser konkrete svar frå biskopane om kva som skal skje med dei mannlege prestane som framleis ikkje vil samarbeide med kvinnelege kollegaer.

Foto: Presteforeningen

Det vekte debatt då den unge vikarpresten Vidar Nes Mygland måtte slutte i fjor sommar. Han var sommarvikar på Sunnmøre, men uttalte til lokalavisa at han ikkje ville samarbeide med kvinner. Det kosta han jobben.

I ettertid har fleire prestar etterlyst klare reglar for kva som skjer med andre prestar med same syn – ikkje minst studentar som er i gang med utdanning. Denne veka behandla bispemøtet saka endå ein gong.

– Eg synest det er skuffande. Eg hadde venta at når vi bad om konkrete tiltak, at vi fekk noko meir konkret tilbake, seier leiaren i Presteforeininga, Martin Enstad.

I svaret blir det understreka at alle skal ha eit trygt og godt arbeidsmiljø, men at det er opp til den enkelte biskopen sjølv å gjere nødvendige tiltak.

Les også Vikarprest i Ørskog tatt ut av teneste etter bråk om kvinnelege prestar

Vidar Mygland NEs prest i Hafslo

Unge menn med utdøyande syn

Det finst ingen klare tal på kor mange mannlege prestar som meiner at kvinnelege prestar er i strid med Bibelen, og difor ikkje vil samarbeide med dei. NRK har tidlegare anslått at det kan vere mellom 20 og 30.

Men både presteforeininga og biskopane stadfestar at fleire av kvinneprest-motstandarane er nyutdanna prestar og studentar.

– Vi trudde nok at dette var eit utdøyande synspunkt, for å seie det litt brutalt, men vi ser at ein del som forfektar dette synet er unge prestar som har ei lang karriere i kyrkja, seier han.

Han meiner det er urovekkjande, og seier dei får mange tilbakemeldingar frå kvinner som framleis seier dette gjer arbeidskvardagen usikker.

Bispemøtet slo fast i 2020 at mannlege prestar ikkje kan nekte å samarbeide med kvinner.

Mikael Bruun, sokneprest i Sogndal.

Mikael Bruun var tidlegare sokneprest i Sogndal. Han er ein kjent kvinneprestmotstandar.

Foto: Bjørn Sølsnæs / Sogn Avis

Hemmeleg avtale med ung prest

Tidlegare i vinter avdekte NRK at Møre-biskopen har inngått ein til då hemmeleg avtale med ein ung, mannleg prest. Det gjer at han framleis kan arbeide som prest, trass i at han nektar å samarbeide med kvinneprestar.

Biskop Ingeborg Midttømme har tidlegare vore svært knapp i sine kommentarar om saka, men sagt at ho har hatt fleire samtalar med presten.

Midttømme vil ikkje svare på kva for konsekvensar den nye uttalen får konkret for han, men skriv generelt at «krenkande åtferd og mangel på samarbeid blir behandla av arbeidsgjevar som personalsak».

Presten sjølv ønskjer ikkje å kommentere saka overfor NRK.

Ingeborg Midttømme

Biskopen i Møre, Ingeborg Midttømme, har inngått ein tidlegare hemmeleg avtale med ein ung, mannleg prest. Ho vil ikkje svare på kva for konsekvensar den nye uttalen frå bispemøtet eventuelt får for han.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Stadig tema blant biskopane

Leiaren for biskopane, Olav Fykse Tveit, seier at konflikten rundt kvinneprestane har høg prioritet. Ifølgje han er det inga anna sak dei har diskutert fleire gongar på bispemøta dei siste åra. Han seier dei også har presisert overfor utdanningsinstitusjonane kva for reglar som gjeld i kyrkja.

Han er ikkje samd i kritikken frå presteforeininga.

– Bispemøtet er ikkje arbeidsgjevar for prestane, det er den enkelte biskopen som er. Den enkelte biskopen må finne ut kva som skal gjerast i det aktuelle tilfellet for å løyse slike saker, seier han.

Kor lenge vil kyrkja bale med dette spørsmålet?

– Kor lenge folk vil meine noko, kan vi ikkje vite, men biskopane er svært nøye på å stille som krav ved ordinasjon eller tilsetting at ein forpliktar seg på å samarbeide med kvinner, seier han.

Olav Fykse Tveit

Preses Olav Fykse Tveit seier inga anna sak har vore diskutert fleire gonger på bispemøta dei siste åra.

Foto: Øivind Haugen / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL