Hopp til innhold

Protesterer mot maratonmøte og fleire tusen sider med dokument

Møte på over ni timar og saksdokument på fleire tusen sider er kvardagen i landets største kommunestyre. No ropar politikarane varsku.

Det første kommunestyremøtet i nye Ålesund kommune.

Ålesund kommunestyre er landets største etter kommunesamanslåinga i januar 2020. Både fysiske møter og digitale møter har gått over mange timar.

Foto: Peder Otto Dybvik/Ålesund kommune

Då fem kommunar slo seg saman til å bli nye Ålesund, var det ikkje berre talet på innbyggjarar som vaks. Kommunestyret blei landets største med 77 medlemmar.

– Det er overveldande og utmattande. Eg var kanskje naiv, men eg trudde eg skulle klare å handtere full jobb, kvardagsliv og ei politisk karriere, seier Sissel Standal (H).

Ho fekk fort erfare at sakspapira kan vere på fleire tusen sider.

Sissel Standal

Sissel Standal kombinerer politikarvervet med rektorjobb på Fagerlia vidaregåande skule.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Eg lyg dersom eg seier at eg kjem meg gjennom absolutt alt, seier ho.

Og sjølve kommunestyremøta kan vare i opp i ni timar med debatt og replikkar. Dei fleste politikarane har vore på jobb før møtet og Standal seier at energien ikkje er på topp på slutten av kvelden.

Krev færre saker

Partifelle Dag Olav Tennfjord gjekk måndag ut i Sunnmørsposten og kravde færre saker i kommunestyret.

– Dokumenta med vedlegg er på fleire tusen sider. Det er heftig å komme gjennom. Folk slit med å få oversikt, seier Tennfjord. Han meiner at ein del av dei ikkje-prinsipielle sakene bør bli vedteke i politiske utval.

Dag Olav Tennfjord (H) i formannskapet i Ålesund.

Dag Olav Tennfjord (H) tar til ordre for færre saker i kommunestyret og at fleie saker skal bli handla i komitear.

Foto: Trond Vestre / NRK

No ber formannskapet om ei evaluering av den politiske organiseringa.

Hotell seint på kveld

Lisa Alvestad (Sp) brukar gjerne dagevis på å lese seg godt opp før møta. Ho meiner viktige saker druknar, og at mykje tid går med på små saker som aldri burde ha hamna i kommunestyret.

–Siste timen eller to av møtet blir sakene banka gjennom og vi blir oppmoda om å halde korte innlegg for å bli ferdige, seier Alvestad. Ho er busett på ei øy langt unna sentrum. Møta varer så lenge at det blir midnatt før ho kjem seg heim. Fleire gongar har ho lagt seg inn på hotell i Ålesund, for å sleppe den lange heimvegen med ferje.

Lisa Alvestad

Lisa Alvestad (Sp) har lagt seg inn på hotell fleire gongar etter kommunestyremøta for å sleppe å kome heim etter midnatt.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Må lære av andre

Geir Vinsand i NIVI Analyse meiner kommunestyret i Ålesund er altfor stort og bør trimmast ned. I tillegg meiner han kommunen bør betre den interne arbeidsfordelinga, slik at til dømes bydelsutval kan vedta lokale saker i staden for å hamne i kommunestyret.

– Å lære frå andre tilsvarande store kommunar er lurt, seier Vinstad.

– Det blir betre

Bilder fra Ålesund kommunestyre dag 2, 8. mai. Ordfører Eva Vinje Aurdal

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) seier at det blir færre saker allereie neste kommunestyremøte.

Foto: Ålesund kommune

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) seier at det blir endringar, allereie frå neste kommunestyremøte. Administrasjonen har gått gjennom alle sakene og funne ut at ein tredjedel kunne ha blitt behandla i formannskapet.

Talet på kommunestyrerepresentantar skal også ned i framtida og dermed blir det færre på talarstolen.

– Eg har ikkje møtt nokon som meiner at vi skal vere 77, men vi ser på det som ei overgangsordning dei første fire åra, seier Aurdal.