Hopp til innhold

Får kommunikasjonspris etter arbeidet med drapssaka i Ålesund

Onsdag 28. august blei Anja Weløy Aarseth drepen på byfjellet Aksla i Ålesund. Dette førte til ein omfattande politiaksjon. I dag fekk dei som måtte orientere omverda om drapsetterforskinga kommunikasjonsprisen til Politidirektoratet.

Politiadvokat Yngve Skovly

Politiadvokat Yngve Skovly orienterte omverda via pressa ei rekkje gonger i løpet av drapssaka i Ålesund. No har Sunnmøre politidistrikt og Yngve Skovly fått kommunikasjonsprisen frå POD.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Politiadvokat Yngve Skovly blei mannen i politiet som måtte fortelje om saka. Han leia etterforskinga, og var tilgjengeleg for media både der etterforskinga gjekk føre seg, på politistasjonen og på dei mange pressekonferansane.

– Vi set pris på å få slike utmerkingar. Det viser at vi lukkast med det vi var ute etter i denne samanhengen, nemleg å vere mest mogleg opne ved å gje publikum informasjon. Dette var ei sak som berørte heile byen. Folk ville vite kva som skjedde, og dei hjelpte oss også heile tida, seier Skovly til NRK.

Kommunikasjonspris

På vegne av Sunnmøre politidistrikt mottok kommunikasjonsrådgjevar Eli Anne Tvergrov (til venstre) prisen frå kommunikasjonsdirektør i Politidirektoratet, Margrete Halvorsen.

Foto: Politidirektoratet

– Telefonen sto ikkje stille

Yngve Skovly seier til NRK at politiet ønskte å gå ut med så mykje informasjon som råd, og at dei skulle vere mest mogleg tilgjengelege. Han seier at presset på dei involverte var stort.

Det var stor tilstrøyming av mediefolk, og det var stor interesse kring denne saka. Telefonen sto ikkje stille. Det var spørsmål frå media heile tida. Vi var også avhengige av å få inn tips. Då må vi vere tilgjengelege heile tida, seier Skovly.

– Avhengige av media

Yngve Skovly seier at politiet bestemte seg for å ha ei open linje i saka med ein gong dei skjønte at dei sto overfor ei drapssak med ukjend gjerningsmann.

I ei slik sak treng vi å få inn så mykje informasjon som mogleg. Då er vi avhengige av media og publikum, seier Skovly.

– Gløymer aldri

Drapet på Anja Weløy Aarseth gjorde eit djupt inntrykk på alle i området, og også ut over heile landet. Også politiet sit att med sterke inntrykk.

Dette er ei sak eg aldri kjem til å gløyme. Dette er slett ikkje noko daglegdags. Og det berører alle, seier Skovly.

Blei du overraska over å få prisen?

– Ja, det må eg seie. Eg hadde ikkje høyrt om denne prisen før. Og det er jo ikkje slik at vi har hatt denne prisen i tankane under arbeidet vårt. Vi var interesserte i å gje publikum informasjon, seier Skovly.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL