Hopp til innhold

Dømt for drap i Ålesund i 2014 – søker om prøvelauslating

Ein mann i 30-åra frå Møre og Romsdal blei i 2014 dømd til fengsel for drapet på Anja Weløy Aarseth (21) i Ålesund. No søker mannen om å bli sloppen ut på prøve frå fengsel.

Aksla

Anja Weløy Aarseth blei funnen død på byfjellet Aksla i Ålesund i 2013. Området er eit populært turområde og 21-åringen skal ha vore på joggetur der den dagen ho blei drepen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Saka er oppdatert med ein kommentar frå statsadvokaten i Møre og Romsdal.

Mannen har no sona minstetida på ti år etter drapet på den 21 år gamle studenten frå Bergen.

Anja Weløy Aarseth forsvann under ein joggetur på byfjellet Aksla i Ålesund onsdag 28. august 2013. Det blei sett i gang ein omfattande leiteaksjon då 21-åringen blei meldt sakna dagen etter.

Nokre dagar seinare vart ho funnen drepen, og obduksjonen viste at ho hadde blitt kvelt.

Les også Aksla-tiltalte: Dømt til forvaring i 21 år

Aksla-rettssaken – rettstegning av aktor, forsvarer og tiltalte som lener seg over bord

Blei dømt til 21 års forvaring

I 2014 blei mannen kjent skuldig i drap, valdtekt og ransforsøk. Han blei dømt til 21 års forvaring med ei minstetid på ti år. Han anka dommen, men lagmannsretten heldt oppe forvaringsdommen.

Mannen erkjende både drapet og valdtekta under rettssaka. Han erkjente ikkje straffeskuld for å ha rana ein kiosk, men blei dømt også for dette.

Mange tente lys på Aksla

Mange samla seg på byfjellet Aksla etter drapet og la ned blomster.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Dette skal ha skjedd kort tid før mannen bevegde seg opp på byfjellet Aksla i Ålesund, der drapet fann stad.

I tillegg til fengselsstraffa blei mannen dømt til å betale erstatning på totalt 530.000 kroner til familien til Anja Weløy Aarseth.

Tingretten slo i 2014 fast at mannen var tilrekneleg, men at han lid av ein alvorleg personlegdomsforstyrring og åtferdsvanskar.

Retten viste i dommen til at han har hatt åtferdsproblem store delar av livet, og at det var nærliggjande fare for gjentaking.

Les også Forvaringsdom på 21 år blir ståande

Aksla-rettssaken – rettstegning av aktor, forsvarer og tiltalte som lener seg over bord

Seier nei til prøvelauslating

Kravet om prøvelauslating blir behandla i Asker og Bærum tingrett 15. januar neste år. Den dømde mannen sonar for tida på Ila fengsels- og forvaringsanstalt i Bærum.

Mannen sin advokat, Marius Oscar Dietrichson, seier til NRK at dei ikkje har ein kommentar til saka.

I rettsdokumentet står det at Møre og Romsdal statsadvokatembete seier nei til prøvelauslatinga.

Statsadvokaten i Møre og Romsdal meiner at vilkåra for prøvelauslating ikkje er til stades.

– Påtalemakta meiner at vilkåra for prøvelauslating ikkje er til stades. Vi meiner framleis at vilkåra for vidare forvaring er til stades med tanke på fare for nye alvorlege forhold. Derfor må dette no bli prøvd i retten, seier Ingvild Thorn Nordheim, førstestatsadvokat i Møre og Romsdal statsadvokatembete til NRK.

Les også Politiet: Både ransforsøk, voldtekt og drap på litt over en time

Aksla-drapet: Grafikk basert på tidspunkt i retten

Les alt om saka her.