Hopp til innhold

Mann i 20-åra var meldt sakna – er no funnen i live

Ein mann i 20-åra, som blei meldt sakna søndag, er no funnen i live i Ålesund. Han har blitt frakta til St. Olavs hospital i Trondheim, men skadeomfanget er ukjent, seier politiet.

Tilskodarar står ved ein brannbil like ved staden i Ålesund sentrum der ein sakna mann i 20-åra nettopp er funnen i live.

FUNN: Den sakna mannen blei funnen i sentrum av Ålesund måndag ettermiddag. Han blei funnen ikkje langt ifrå der han sist var sett.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Politiet i Møre og Romsdal meldte om funnet like etter 14.30 måndag. Mannen blei funnen av brannvesenet i sentrum av Ålesund. Dette skjedde i samband med at dei gjennomførte eit søk i område.

Politiet opplyste først at personen ikkje var identifisert, men kunne etter kort tid bekrefte at det var den sakna mannen som hadde blitt funnen.

– Han har truleg falle rundt 10 meter frå ei høgde og ned mellom eit bygg og eit fjellparti på Grimmerhaugen i Ålesund sentrum, seier Siri Løndal, innsatsleiar i politiet.

Pårørande er varsla om funnet. Dei blir varetatt av politiet.

Mann funnen ved Grimmergården i Ålesund.

Mannen har truleg falle fleire meter.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Frakta til sjukehus

Løndal fortel at mannen blei funnen i eit utfordrande område.

– Det er eit krevjande terreng og det krev spesialutstyr. Brannvesenet har brukt ei båre og rappellert ned. Brannvesenet sitt mannskap klarte så å heve mannen opp ved bruk av denne båra.

Innsatsleiar Siri Løndal står i Ålesund sentrum, nær der ein sakna mann i 20-åra vart funnen måndag ettermiddag.

Siri Løndal, innsatsleiar i politiet, fortel at mannen truleg har ramla rundt 10 meter.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ho fortel at mannen var våken, pusta og responderte, men at det er uklart kor alvorleg skadd han er.

Mannen blei frakta til sjukehus for vidare behandling. Like før klokka 22.30 seier operasjonsleiar Jens Dahl at mannen har blitt flytta til St. Olavs hospital i Trondheim. Skadeomfanget er framleis ukjent.

Det har vore plussgrader i Ålesund sidan han blei meldt sakna.

Løndal seier at måten dei har jobba på har gitt resultat.

– Vi har jobba systematisk og tatt utgangspunkt i der mannen sist blei sett. Dette er i umiddelbar nærleik av der han blei funnen, så det tyder på at eit grundig søk har fungert. Og det er gledeleg.

Operasjonsleiaren seier ho er glad for at leiteaksjonen fekk ein lykkeleg slutt.

– Vi er svært glade. Ikkje minst på dei pårørande sine vegner. Og vi er veldig glade for å sjå at samarbeidet mellom dei ulike etatane fungerer så godt som det gjer.

Politibetjentar står framfor ein brannbil og ein legebil ein stad i Ålesund sentrum, der ein sakna mann i 20-åra nett er funnen i live.

Alle naudetatane rykte ut til staden etter at mannen blei funnen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Omfattande leiteaksjon

Mannen i 20-åra har vore sakna sidan i går. Han blei sist sett natt i sentrum av Ålesund til søndag.

Det blei etter kvart sett i gang søk og både politi, brannvesenet, Røde Kors og frivillige har deltatt i leitinga. Det blei leita utover søndagen og gjennom natt til måndag. Søka heldt fram måndag.

Ein ambulanse køyrer nedover gata etter å ha henta ein mann i 20-åra som vart funnen i live etter ein større leiteaksjon i Ålesund sentrum.

Mannen er no frakta til sjukehus.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Store delar av Ålesund sentrum har blitt søkt gjennom i samband med leiteaksjonen.

– Politiet takkar alle dei frivillige og profesjonelle som har bidratt, melder dei.

Då mannen blei funnen var det mange av vennane, som hadde vore med og leita, som samla seg på staden.

På vegner av familien takkar Britt Oddhild Rørvik alle som har vore med og leita.

– Både venner og familie har leita i timevis. Vi er sjeleglade for at han no er funnen, og så håper vi at det går bra.

Les også Nye søk etter sakna mann i 20-åra: – Har håp om å finne han i live

Leiteaksjon etter søkna mann i Ålesund.

Også søk etter ein annan mann

Den siste veka har store styrkar også leita etter ein annan ung mann i Ålesund. Han er førebels ikkje funnen.

Han blei sist sett fredag 23. februar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL