Hopp til innhold

Politiet starta leiteaksjon i Ålesund - har pågått i heile natt

Vener og famile får no hjelp av politiet til å leite etter ein mann i 20-åra som er forsvunnen i Ålesund. Leitinga har pågått i heile natt.

Leiteaksjon i Ålesund

Ein brannbåt deltek i søket etter den unge mannen langs kaiene i Ålesund søndag kveld.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Politiet i Ålesund fekk søndag kveld assistanse frå redningsskøtya og ein brannbåt i søket etter den unge mannen. Droner er også tatt i bruk. Desse tok pause natt til måndag, men ein båt frå Røde Kors har leita også i natt.

Måndag morgon opplyser operasjonsleiar Finn Harald Saltskår at både politiet og frivillige har leita heile natta.

Det kan bli aktuelt å trappe opp aksjonen på kort varsel.

– Vi har førehandsvarsla redningshund og Røde Kors, men vil sjå kva som er hensiktsmessig utover, seier operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes like før klokka 22.

Den siste sikre observasjonen av mannen skal vere i 1-2-tida natt til søndag. Då skal han ha vore på fest på ein utestad i Ålesund.

Søk langs kai

Det er djupt utanfor kaiene i Ålesund.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Har allereie leita i timevis

Vener og familie har allereie leita i fleire timar i Ålesund søndag ettermiddag utan å finne den unge mannen. Ein Facebook-post har spreidd seg i stor fart. Der heiter det at familien treng hjelp til å finne den unge mannen.

Venner av den savnede leter etter ham.

Fleire vener og slektningar leitar etter mannen i Ålesund.

Foto: Synnøve Hole

Politiet blei tidlegare søndag kjent med at mannen ikkje var komen til rette, men venta med å sette i gang nokon leiteaksjon i påvente av at han skulle dukke opp sjølv.

Holst-Dyrnes seier dei har vurdert dette fortløpande.

– Vi har gjort undersøkingar heilt sidan vi fekk meldinga, men ikkje sett i verk søk før no, seier Holst-Dyrnes.

Mistenkjer ikkje noko kriminelt

Ifølgje politiet er det ikkje mistanke om at noko kriminelt skal ha tilstøytt mannen.

Dei siste dagane har store styrkar leita etter ein anna ung mann i Ålesund. Han er førebels ikkje funnen.