Hopp til innhold
Leiteaksjon i Ålesund-området
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Mann sakna i Ålesund

  • Ingen nye spor etter sakna i Ålesund

    Dei siste søka etter ein sakna mann i 20-åra i Ålesund har så langt ikkje gitt resultat. Søka blei trappa opp igjen førre veke etter at det blei gjort funn av ei jakke.

    – Vi søker no i eit større område i Gangstøvika i Ålesund og gjer fortløpande vurderingar på kor mykje vi vil søke. Vi har bistand frå Forsvaret til denne jobben, seier Arne Lid Skodje, seksjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

    Den siste sikre observasjonen av mannen er 23. februar.

    – Dersom han ikkje blir funnen i dette søket, vil vi gå tilbake til det innsamla materialet for å etterforske dette vidare. Hovudhypotesen er at han er i sjøen i det området vi søker i, men vi kan ikkje utelukke at han er andre stadar, seier Skodje.

  • Gjer nye søk i dag

    Det blir i dag nye søk etter ein sakna mann i 20-åra i Ålesund. Mannen har vore sakna sidan 26. februar.

    I går blei det gjort søk i sjøen etter funn av ei jakke. Desse førte ikkje til noko funn, og i dag blir det gjort nye og utvida søk i sjøen i nærleiken av der jakka blei funnen. Det opplyser politiet.

  • Går gjennom videomateriale

    Politiet går gjennom ei mengde med materiale frå videoovervaking i samband med ei sakna-sak i Ålesund. Ein mann i 20-åra blei meldt sakna 26. februar. Den siste sikre observasjonen av mannen er 23. februar.

    – Vi har samla inn mykje videoovervaking. No har vi ikkje gått gjennom alt endå, men så langt har vi ingen observasjonar av han som gjer at vi kan verifisere det på video, seier Arne Lid Skodje, seksjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

    Han vektlegg at dei framleis vil ha tips eller bilde og video frå overvakingskamera, ringkamera og liknande.

    Politiet har også fått inn nokre tips, som dei følger opp, men desse har så langt ikkje ført til noko, opplyser Skodje.

  • Går gjennom materiale

    Politiet jobbar vidare med å gå gjennom materiale i samband med ei sakna-sak i Ålesund. Ein mann i 20-åra vart sist sett førre fredag. Sidan har det blitt leita etter han. Torsdag opplyste politiet at dei avslutta søka i terrenget, men jobbar vidare med å etterforske saka.

    Politiet avhøyrer no vitne, går gjennom videoovervaking og tekniske data.