Hopp til innhold

Har fått inn over 50 nye tips om Espås-drapet

Politiet har fått ei rekkje nye tips om Espås-drapet dei siste dagane. Eit tysk krimprogram i juli gjorde at mange politiet aldri har snakka med har tatt kontakt.

Politiet stenger NRK

Politiinspektør Yngve Skovly trur framleis mange av dei som var i Geiranger 8. august 1996, ikkje veit at det skjedde eit drap der. Difor var omtalen i Tyskland tidlegare i sommar ekstra viktig.

Foto: Tom Ingebrigtsen / NRK-fotograf

21 år etter at Trude Espås blei drepen i Geiranger er framleis ingen arresterte i saka, men etterforskinga er ikkje lagt ned.

I juli reiste politiinspektør Yngve Skovly til Tyskland for å delta i programmet «Aktenzeichen XY ungelöst» med fem millionar sjåarar. Det gav resultat.

– Reint umiddelbart kom det omtrent 50 tips, og så har det også nokre i ettertid, seier Skovly.

Trude Espås

Trude Espås kom som sommarvikar til Geiranger i 1996. Ho hadde berre jobba nokre få dagar, då ho blei drepen.

Foto: NTB scanpix

Ein etterforskar går no gjennom tipsa, for å sjå om dei kan bidra til ei løysing av det uoppklara drapet i turistbygda.

Les også:

Håper turistane har tatt bilde

Det var mange tyskarar i Geiranger 8. august 1996, og politiet er difor spesielt interesserte i å kome i kontakt med dei.

Trude Espås-saken

Først etter 11 dagar blei Trude Espås funnen drepen, om lag 400 meter frå Geiranger sentrum.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Politiet har allereie fått inn fleire bilde frå dei nye tipsarane, men ifølgje Skovly ingen frå torsdag 8. august, då Trude Espås blei drepen. Etter som tida har gått, trur hovudetterforskaren at det kan vere vanskeleg for vitne å huske detaljar, og nettopp difor er eventuelle bilde endå viktigare.

– Det vi håper på er at nokre av dei som har ringt inn sit på bildematerialet frå drapsdagen, det er mitt største ønskje, seier Skovly.

Les også:

Får stadig nye tips

Politiet har aldri klart å løyse drapsgåta frå 1996, trass i det som blir omtalt som noregshistorias mest omfattande etterforsking.

Også mediedekninga av drapet saknar sidestykke, og Skovly seier den massive medieomtalen av saka har effekt.

– Kvar einaste gong det har vore eit oppslag, har det medført nye tips. Spesielt i utlandet er det sikkert mange som var der på drapsdagen som ikkje veit at det kan ha skjedd noko, og som kan sitje på bildemateriale, seier Skovly.

Steinen i Geiranger

Her er steinen ho sist blei sett på. 11 dagar seinare blei ho funnen i skogholtet ovanfor steinen.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen