Hopp til innhold

Plenklipping, krangling og vinglete bilkøyring

Politiet hadde ein heil del å henge fingrane i rundt om i fylket også i natt.

Politibil parkert i gate

Politiet måtte trø til mange stadar i natt, og det mest spesielle var nok plenklipping nattetider i Sula.

Foto: Sissel Brunstad

Laurdagskvelden nærma seg midnatt då det blei meldt om flammar ved Nåsvatnet i Eide. Brannvesenet rykte ut til staden. Det viste seg å vere bålbrenning i mørkret og ingen brann på staden.

Til legevakta

I Molde måtte ein mann i 50-åra til legevakta for sjekk etter at han blei angripen ved ein bensinstasjon. Ein person som kom ut av bilen ved bensinstasjonen i sentrum, slo til mannen, slik at han måtte sjekkast av lege.

To menn i 20- og 30-åra blei kranglevorne utanfor ein utestad. Politiet ordna opp ved å gi dei pålegg om å forlate sentrum.

I Ålesund sentrum blei også ein mann vist bort i natt. Det var ein mann i 40-åra som også blei meldt til politiet fordi han forstyrra ro og orden. Ein 20 åring i same by blei også vist bort av politiet fordi dei frykta at han skulle skape bråk og uro.

Plenklipping og festing

Om det var fineveret i går kveld og utover natta som gav inspirasjon eller ikkje, er uvisst, men på Sula måtte politiet gripe inn i 01-tida i natt, då dei fekk melding om plenklipping med traktor. Det skjedde på privat grunn, men forstyrra naboane. Politiet fekk sett ein stoppar for plenklippinga.

Mange nytta laurdagsnatt til festleg lag av ymse slag. Både i Ulsteinvik, i Kristiansund, Molde og Ålesund måtte politiet trø til og få dempa eller avslutta høglydt festing.

Promillemistankar

Politiet på Sunnmøre og i Romsdal heldt fleire kontrollar i trafikken seint i går kveld og i natt. På Mittet i Rauma måtte ein mann i 40-åra levere frå seg førarkortet etter at han blei stansa av politiet. Det er mistanke om at han køyrde bil i alkoholpåverka tilstand, etter at han også kom borti ein annan bil. Det blei teke blodprøve av mannen.

illustrasjon promillekontroll

Utåndingsutstyret til politiet gav fleire utslag i natt. Illustrasjonsfoto.

Foto: arkiv / NRK

Ved Øran på Åndalsnes blei ein mann i 20-åra stansa i politikontroll, og også der var det mistanke om promillekøyring. Kontrollen enda med inndriving av førarkort og at han blei meldt til politiet.

På Kverve i Ålesund var ein av 31 kontrollerte bilførarar rusa, skriv politiet på tvitter. Politiet tok hand om førarkortet.

Under ein trafikkontroll på Lerstad i Ålesund blei 30 bilførarar kontrollerte, og der gav blåseprøver ingen utslag.