Hopp til innhold

Tilsette på sjukeheim seier dei varsla om alvorlege avvik 46 gongar på fire månader

KRISTIANSUND (NRK): Gang etter gang skal pleiarane ha slått alarm om at dei var så få på jobb at dei ikkje hadde tid til å gje nok mat og medisinar til alvorleg sjuke pasientar. No får kommunen refs av eldreministeren.

Kringsjå sykehjem

NRK har snakka med ei rekkje pårørande om forholda på Kringsjå sykehjem. Fleire av dei er svært kritiske til det tilbodet som blir gitt, men ingen vil stå fram offentleg med sin kritikk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det var ein anonym pårørande som i haust varsla Fylkeslegen i Møre og Romsdal om at dei svakaste og eldste på ein sjukeheim i Kristiansund ikkje fekk lov å stå opp om dagane, fordi ingen hadde tid til å hjelpe dei.

Fylkeslegen har no granska saka og konkluderer med at kommunen har brote lova på fleire punkt. Undersøkingane avdekte at fleire pasientar sto i fare for å bli underernærte fordi dei ikkje fekk nok mat. Ifølgje rapporten har pleiarane også fleire gongar varsla om at dei ikkje har hatt tid til å gje medisinar.

– Vi reagerer med avsky. Det er heilt forferdeleg å lese at i slike ting skjer i verdas rikaste land i 2019, seier generalsekretær Knut Christian Høvik i organisasjonen Senior Noreg.

Åse Michaelsen

Eldreminister Åse Michaelsen (Frp) reagerer kontant når ho høyrer om forholda i Kristiansund, og seier ho er glad for at Fylkesmannen har slått ned på det dei har funne.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Han får støtte frå eldreministeren.

– Sånne hendingar skal vi ikkje ha noko av, slår eldreminister Åse Michaelsen (Frp) fast. Ho seier det er bra at Fylkesmannen har slått ned på forholda og konkludert med at kommunen har brote lova.

– Kommunane må skjerpe seg

Den siste tida har NRK skrive om fleire kritikkverdige forhold for eldre rundt om i landet. I Holmestrand fann dei pårørande faren sin liggande i avføring tidlegare i haust. Rett etter jul blei det kjent at pleietrengande i Vesterålen fekk fiskebollar på julaftan. I Grue i Hedmark skal pårørande skal ha fått beskjed om å henge opp viltkamera då dei klaga på mattilbodet.

Sykehjemskorridor

Kommunen har fått frist til 15. februar med å svare på korleis dei vil rette opp dei kritikkverdige forholda ved Kringsjå sykehjem i Kristiansund.

Foto: Roar Halten / NRK

Dette skjer mindre enn eit år etter at statsminister Erna Solberg og eldreminister Åse Michaelsen lanserte ein ny eldrereform, som ifølgje Solberg har som mål «at eldre skal meistre livene sine lenger og være trygge på at de skal få god hjelp når de har behov for det». Allereie då sto kritikarane i kø.

– Det er berre tøv, seier ein av dei pårørande når vedkomande høyrer formuleringane i målsettinga for reforma.

– Det er veldig viktig at kommunane no skjerpar seg, og eg forventar ein god eldreomsorg der ute, svarar Åse Michaelsen (Frp).

Vil ikkje stå fram med kritikk

NRK har snakka med ei rekkje pårørande om forholda på Kringsjå sykehjem i Kristiansund. Alle seier dei kjenner seg igjen i forholda som er skildra i rapporten til Fylkeslegen, men ingen av dei vil stå fram med kritikken.

Runar Finvåg er pasient- og brukarombod i Møre og Romsdal

Pasient- og brukarombod Runar Finvåg i Møre og Romsdal seier rapporten til Fylkeslegen avdekkjer uvanleg omfattande svikt i eldreomsorga.

Foto: Roar Halten / NRK

Pasient- og brukarombod Runar Finvåg tek bladet frå munnen.

– Det er sjeldan vi har sett så omfattande svikt som denne rapporten avdekkjer, seier han.

Skal ha lukka sakene utan å gjere noko

Ifølgje rapporten frå Fylkeslegen varsla dei tilsette om alvorlege forhold til lita nytte. I løpet av fire månader skal dei tilsette ha varsla om alvorlege avvik 46 gongar. I 44 av sakene blei avvika lukka utan at noko blei gjort, skriv Fylkeslegen i sin rapport.

Fylkeslege i Møre og Romsdal, Karin Müller Mikaelsen

Fylkeslege Karin Müller Mikaelsen ser svært alvorleg på at dei fleste avvik skal ha blitt lukka, utan at noko blei endra på Kringsjå sykehjem.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Vi opplever det som svært alvorleg. Leiinga har plikt til å sørge for at det alltid blir gitt forsvarleg helsehjelp, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen til NRK.

Vil ikkje kommentere saka

Fylkeslegen slår fast at Kristiansund kommune ikkje gir forsvarleg helsehjelp, har brote fleire lover og forskrifter og har for låg bemanning. Leiinga i kommunen vil førebels ikkje kommentere saka. Dei har fått utsett frist til 15. februar med å gje Fylkeslegen svar, og vil ikkje seie noko til NRK før den tid.

Kommunikasjonssjef Tore Lyngvær i Kristiansund kommune

Kommunikasjonssjef Tore Lyngvær seier kommunen ikkje vil kommentere saka no.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vi må bruke tida fram til då godt og forsøkje å imøtekome kritikken, skriv kommunikasjonssjef Tore Lyngvær.

Han avviser bestemt at pårørande bør vere redde for å kritisere tilbodet, og seier kommunen ønskjer tilbakemeldingar for å kunne bli betre.

Kringsjå sykehjem

Her på Kringsjå sykehjem har to tilsette hatt hovudansvaret for ti sterkt pleietrengande pasientar i helgane. Fylkeslegen slår fast at tilbodet til pasientane var uforsvarleg.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

NRK gjer merksam på at kommunen i ettertid har kome med opplysningar om at avvika som framstår som lukka kan skuldast feilføring.