Hopp til innhold
Kringsjå sykehjem
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kringsjå sykehjem i Kristiansund

  • Stor auke i avviksmeldingar

    Talet på avviksmeldingar ved Kringsjå sjukeheim i Kristiansund eksploderte etter at NRK omtalte forholda for pasientane for eitt år sidan. Fylkeslegen slo då fast at sjukeheimen braut lova på fleire punkt og at alvorleg sjuke pasientar ikkje fekk nok mat og medisinar. I ein ny rapport frå kommunen kjem det fram at det var 27 avviksmeldingar same månad, mot eitt i februar året før. Også dei andre sjukeheimane hadde ein kraftig auke i talet på avviksmeldingar. Kommunen meiner forholda no er langt betre.

    Sykehjemskorridor
    Foto: Roar Halten / NRK
  • Har sett inn tiltak

    Kristiansund kommune har no levert eit 50-siders dokument med tiltak for å betre forholda på sjukeheimane i kommunen. Dette skjer etter kritikken mot forholda ved Kringsjå sjukehjem. Tidlegare i år slo fylkeslegen fast at bemanninga var så låg at pasientar risikerte å få for lite mat og medisinar. Kommunalsjef Siv Iren Stormo Andersson skriv at det er for tidleg å dokumentere effekten av tiltaka. Fylkeslegen har i haust varsla tilsyn på Kringsjå, med 24 timars varsel.

    Kringsjå sykehjem
    Foto: Eirik Haukenes / NRK
  • Fleire klagar på sjukeheim

    Det har det kome inn fleire varsl til Fylkesmannen etter at det i vår blei kjent at bemanninga ved Kringsjå sykehjem i Kristiansund var så låg at det var fare for at pasientar fekk for lite mat og medisinar. Desse gjeld både Kringsjå og andre sjukeheimar. – Vi har fått inn fire ekstra varsel, og fleire pårørande har teke kontakt, seier fylkeslege Karin Mûller Mikaelsen, som vil følge opp desse.

    Kringsjå sykehjem
    Foto: Eirik Haukenes / NRK
  • – Har jobba systematisk

    Kringsjå sykehjem har betre pleie og omsorg no enn då Fylkesmannen hadde tilsyn i fjor, seier informasjonsleiar i Kristiansund kommune Tore Lyngvær. – Vi har jobba ganske systematisk sidan tilsynet. Vi har auka bemanninga og endra turnusen. Generelt går det betre no. Alt skjer no i samsvar med regelverket, men vi kan framleis bli betre, seier Lyngvær til NRK.

    Kommunikasjonssjef Tore Lyngvær i Kristiansund kommune
    Foto: Roar Halten / NRK
  • Kritikken står ved lag

    Kritikken av Kristiansund kommune etter tilsyn ved Kringsjå sykehjem for eitt år sidan, står ved lag også etter ein gjennomgang av tilsvaret frå kommunen. Fylkesmannen står fast ved at der skjedde brot på fleire område. Mellom anna var bemanninga for låg, og det var for lita tid til å gi pasientane nok mat og medisinar. – Då vi gjorde tilsyn i fjor fann vi at Kristiansund kommune ikkje hadde god nok oversikt over risikoområde, og at det dessverre ikkje var sett i gang tiltak for å sikre at tiltaka vart lukka, seier fylkeslege Karin Müller Mikaelsen (biletet) til NRK.

    Fylkeslege i Møre og Romsdal, Karin Müller Mikaelsen
    Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL