Hopp til innhold

Tapte store russiske kontraktar: 75 mister jobben

Sunnmørsbedrifta hadde rekordstore kontraktar med russiske kundar, men mista desse då krigen starta. – Folk har tatt konkursen tungt, seier hovudtillitsvald.

PE Bjørdal

PE Bjørdal er konkurs etter 40 år. I dag har dei tilsette vore på informasjonsmøte.

Foto: Arne Flatin / NRK

I 40 år har bedrifta i Ørsta utvikla teknologi til fiskeribransjen. No er bedrifta konkurs og 75 tilsette mister jobben. I dag var dei i møte med leiinga og seinare skal dei møte bustyrar.

– Det har vore frykta at det ville gå den vegen, men folka håpa det beste, seier hovudtillitsvald Kenneth Strand. Han seier at dei tilsette tar konkursen tungt.

Russiske fiskerikundar

Det er fleire årsaker til konkursen, men ein del av forklaringa er sanksjonane mot Russland etter at dei gjekk til angrep på Ukraina. Ved inngangen til 2022 hadde Ørsta-selskapet ei rekordstor ordrebok med russiske fiskerikundar. Desse ordrane fall bort.

Kenneth Strand er hovedtillitsvald ved PE Bjørdal

Kenneth Strand er hovudtillitsvald ved bedrifta.

Foto: Privat / NRK

Også i den norske marknaden stoppa investeringane opp på grunn av den såkalla lakseskatten.

I siste del av 2022 tok bedrifta første runde med nedbemanning. Selskapet blei tilført meir eigenkapital, men tapa heldt fram og ein klarte ikkje unngå konkurs.

Dei tilsette melder seg no arbeidsledige hos NAV.

Håper på vidare drift

Strand seier at mange fryktar at det blir vanskeleg å få nye jobbar, spesielt innan same bransje. Han veit at også andre bedrifter slit.

– Eg håper at det skal bli vidare drift her og det er det mange som håper på, seier Strand.

PE Bjørdal i Ørsta hadde ei gjeld på 87 millionar kroner då selskapet blei meldt konkurs onsdag.

Samtidig er det verdiar for 62 millionar, skriv Sunnmørsposten. Tingretten meiner betalingsvanskane ikkje er av forbigåande art.

Styreleiar Jan Sigve Søvik seier at det ikkje er planar for vidare drift i dag, og at dei først må gjennom prosessen med bustyrar. Likevel er det eit håp.

– Det er mange og viktige arbeidsplassar for Ørsta, så vi håper det kan vere grunnlag for å starte opp att, men vi kan ikkje love noko, seier Søvik.

Fryktar fleire konkursar

Regiondirektør i NHO, Espen Remme, seier at konkursen ikkje kom overraskande.

– Dette har vi frykta, seier Remme. Kombinasjonen av sanksjonar mot russiske bedrifter, auka prisvekst og skatte- og avgifter inn mot havbruksnæringa gjer at fleire slit.

Ordførar Stein Aam i Ørsta er letta dersom det viser seg at det no er den sakna polske kvinna Maja Herner som er funne

Ordførar Stein Aam håper det kan kome ei løysing for vidare drift.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er ikkje overraskande om det kjem fleire konkursar, seier regiondirektøren. Han trur likevel ikkje at det blir vanskeleg for dei tilsette å finne seg nye jobbar. Det er lav arbeidsløyse og mange bedrifter har behov for arbeidskraft.

Ordførar i Ørsta, Stein Aam (Sp) seier det betyr mykje at industri- og jordbrukskommunen no mister så mange arbeidsplassar.

– Kommunen kan ikkje gjere noko anna enn å vere moralsk støtte, seier Aam. Han håper det kjem ei løysing med vidare drift.

PE Bjørdal i Ørsta.

Selskapet hadde ei gjeld på 87 millionar då dei blei melde konkurs.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL