Han er sunnmøringen som har gjort nordmøring av seg. Og han er fiskerimannen som har gått på land. No vil han representere heile fylket på Stortinget.
– Eg er ein Møre og Romsdal-mann, og vil representere heile fylket, seier han. Han har røtene sine på Lepsøya, og har vakse opp på Lerstad i Ålesund. Kona og Norges Fiskarlag tok han til Kristiansund.
Pål Farstad kunne smile breitt då han vart vald til toppkandidat for Venstre i Møre og Romsdal ved stortingsvalet.
Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK– Eit utfordrande fylke
Pål Farstad har ikkje kome seg opp og fram på fogderipolitikken i Møre og Romsdal. Og som sunnmøring busett i Kristiansund ser han kanskje fylket med litt andre auge enn den som ser på kvart sitt fogderi som si heimebane.
– Fogderiinndelinga av Møre og Romsdal har kanskje i nokre tilfelle fungert kreativt. Men det finst også døme på at nokre av kampane mellom fogderia har bikka over i det destruktive, seier Pål Farstad.
- Les også:
– Kan gje dynamikk
Han medgir at Møre og Romsdal kan vere eit krevjande fylke å arbeide politisk i, særleg når sunnmøringar, romsdalingar og nordmøringar dreg i kvar si retning.
– Men sjå ikkje vekk frå at fogderistriden har ein dynamikk som verkar stimulerande på heile fylket også. Her er eit konkurranseelement som gjer at kvart av områda vil hevde seg. Alle likar å konkurrere, og det blir skapt framdrift når konkurransen er positiv, seier han. Samstundes åtvarar han mot at fogderigrensene skal vere stengsler. Og utfordringane kan bli store når grensene og forskjellane blir dyrka, legg han til.
- Les også:
- Les også:
Pål Farstad har vore med på jubel for meir flytrafikk i Kristiansund. Her er han saman med Per Kristian Øyen, adm.dir SAS Norge Ola H. Strand og rådmann Just Ingebrigtsen
Foto: Eirik Haukenes / NRKLang karriere i Norges Fiskarlag
Det er som talsmann for fiskerinæringa mange kjenner Pål Farstad. i 19 år var han i fiskarlags-systemet. Dei aller fleste av desse åra var han dagleg leiar i Nordmøre Fiskarlag.
– Eg hadde jobba som lærar ei stund. Plutseleg utlyste Norges Fiskarlag i Trondheim ei stilling som skulle arbeide med kystsoneplanlegging og utdanningsspørsmål. Denne kombinasjonen er det ingen som har, tenkte eg. Men eg var lærar, og eg hadde studert kommunal planlegging i Volda. Dermed var løpet i Norges Fiskarlag lagt.
Med kone frå Nordmøre og ei sterk tilknyting til fiskeria frå barnsbein av, var det lett å bestemme seg for å søkje, då stillinga som dagleg leiar i Nordmøre Fiskarlag blei ledig. Dermed hamna Pål Farstad midt i skjeringspunktet mellom den veksande oljenæringa og fiskeria. Han hamna i skjeringspunktet mellom den havgåande fiskeflåten og kystflåten. Og han hamna midt i prosessen med å samle fiskarlaga i Møre og Romsdal i éin organisasjon.
– Eg vil prege utviklinga
Pål Farstad går gjennom korridorane til KOM vekst. Dette var arbeidsplassen hans i fleire år. No er han senior bedriftsrådgjevar i utviklingsselskapet Triangel. Alt handlar om utvikling av næringslivet.
– Næringsutvikling opptek meg svært mykje. Eg er driven av eit ønskje om å kunne vere med å prege utviklinga. Og eg har hatt guts til å vere med på dette, seier han.
– Olje og gass ei velsigning
I Kristiansund er store deler av næringslivet smurt av den omfattande oljeverksemda i Norskehavet. Med bakgrunn i fiskerinæringa kan det høyrest konfliktfylt ut. Også her sit han midt i eit skjeringspunkt mellom oljebasert næringsliv og det landbaserte.
– Olje og gass-verksemda har vore ei velsigning for vår region. Men det er heilt klart at det reint landbaserte næringslivet opplever steinhard konkurranse frå den oljerelaterte næringa. Det handlar om å finne balansen, og at ei todeling av økonomien ikkje skal få uheldige følgjer, seier Pål Farstad.
Her er Pål Farstad frå tida som dagleg leiar i Nordmøre Fiskarlag. Her er han saman med dåverande fiskeriminister Svein Ludvigsen og Ole Morten Sorthe i dåverande Sunnmøre og Romsdal Fiskarlag.
Foto: Herskedal, Kjell / NTB scanpix– Ikkje positivt for oppslutnaden
Sjølv kunne han ha tenkt seg ei anna stemmegjeving enn det Venstre gjorde i Stortinget, då partiet hans stemte imot utbygginga av Aasta Hansteen-feltet, med røyrleidning til Nyhamna på Aukra.
– Akkurat den stemmegjevinga fungerte sikkert ikkje positivt for oppslutnaden her i regionen, seier han.
- Les også:
– Enklare for småentreprenørane
Han karakteriserer Venstre som småentreprenørane sitt parti. Politikken skal passe godt for den som ønskjer å starte i det små, gjerne med ei enkeltmannsbedrift. Dermed er grensene for minstefrådrag og å få redusert skjemaveldet viktige politiske arbeidsoppgåver.
– Det må bli enklare å drive ei bedrift. Det blir skapt alt for lite. Det må bli lettare å vere småentreprenør, for dette er viktig for næringsutviklinga, seier Pål Farstad.
– Eit friluftsmenneske
Pål Farstad er eit friluftsmenneske. Ofte er han å finne på Ulla ytst ved havet i Haram. Der har han hytte, og det er der slekta kjem frå.
– Ulla er ein fantastisk flott stad, seier han.
– Eg har høyrt at du viser dine sporslege sider også der ute?
– Hah, har du høyrt det? Ja, vi har ei årleg turnering, på bana med det fantastiske namnet Ullavål. Eg står som regel i mål, skrattar han, og let oss forstå at det ikkje først og fremst er gravalvorleg toppidrett det er snakk om.
– Men toppfotballen i Møre og Romsdal er også fantastisk artig. Heile Møre og Romsdal er jo med. Molde, Aalesund og Hødd har vore med i toppen i årevis, og no bankar Kristiansund på døra til den øvste divisjonen. Jau, eg er interessert i fotball, sjølv om eg slett ikkje driv med denne idretten sjølv.
- Les også:
- Les også:
Led Zeppelin og Olav Strømme
Så pratar Pål Farstad seg varm om musikk og om kunst. Både når det gjeld musikken og kunsten må det gjerne vere både tungt og dystert.
– Leed Zeppelin høyrer absolutt med blant favorittane når det gjeld musikk. Ja, det kan nok vere både tungt og dystert. Og et er svært interessert i kunst. Olav Strømme er nok favorittkunstnaren min, seier han.
– Måla veggen svart
Og det litt tunge og dystre uttrykket tok han med seg då han skulle ta til i ein ny kontorjobb. Han medgir at nokre var litt skeptiske då dei såg fargevalet.
– Eg måla ein heil vegg svart. Men det blei fantastisk fint, med flotte bilete inne i det svarte, seier han på ein måte som får oss til å sjå det vakre i det svarte for vårt indre auge.
Det har ikkje vore noko anna politisk parti for Pål Farstad. Venstre blei eit naturleg val for han. Men sjølv om han har vore oppteken av politikk sidan ungdommen, var han ikkje partipolitisk aktiv før han blei godt vaksen.
– Eg blei oppmoda om å melde meg inn, og Venstre høvde godt, fortel han.
– Eg sa ikkje ja slett med ein gong. Men eg var svært oppteken av utbygging av hamna i Kristiansund på den tida. Eg ville svært gjerne ha plass i hamnestyret, og det fekk eg gjennom engasjementet i Venstre, gliser han.
Venstrefolk i generasjonar
Men han skundar seg med å legge til at det ikkje berre var plassen i hamnestyret som var viktig. Medlemsskapet i Venstre gjekk også godt inn i ein lang familietradisjon.
– Både far min og generasjonane bak han var venstrefolk. Ikkje minst oldefar var aktiv venstremann. Så det har eigentleg gått i politikk med utgangspunkt i Venstre heile tida.
Spennande valinnspurt
Det blir ein spennande valinnspurt for Venstre. Meiningsmålingane tyder på at partiet verkeleg må slipe våpna for å få Pål Farstad inn på Stortinget. Samstundes veit vi frå historia at Møre og Romsdal alltid har vore eit fylke der Venstre har hatt ein viss sjanse til å få inn ein representant.
– Her blir det kamp heilt inn. Eg har brukt våren og sommaren godt, og har eit godt utgangspunkt, trur eg. Vi som ikkje allereie er på Stortinget har jo eitt litt andre rammer i oppstarten av valkampen. Men no har eg redusert stillingsprosenten på jobb og kan bruke meir tid på valkamp, seier han og brettar opp ermene til kamp for Venstre.