Hopp til innhold

Paddeplassen er opna

Det er ein stor dag på Søre Sunnmøre i dag. Kvivsvegen blir fullført med opning av vegstrekninga forbi Hjartåberget, og det er slutt på bompengeinnkrevjinga på Eiksundsambandet. Samstundes er det ei stor markering på Paddeplassen ved Austefjorden.

Paddeplassen er opna.

Padda, laga av Robert Steinnes, prydar no Paddeplassen i Austefjorden.

Foto: Terje Reite / NRK

Paddestatuen før avduking

Paddestatuen under presenning, før avdukinga.

Foto: Terje Reite / NRK

I timane før avdukinga er padda pakka inn i plast. Men frå klokka 11.00 skjedde det heilt store: Talar, korpsmusikk og stor festivitas først. Så: Padda vart avduka og paddeplassen er open.

Paddedrapsmaskin

Korps høyrer med på store dagar.

Korps høyrer med på store dagar.

Foto: Terje Reite

Og det er ikkje tilfeldig at dette skjer akkurat her. Då det blei vedteke å byggje Kvivsvegen blei situasjonen for paddene fort eit tema. Paddearten er utrydningstrua, og Kvisvegen kunne fort ha utvikla seg til ein paddedrapsmaskin. Slik skulle det ikkje bli. No er det brukt store summar på å sikre framtida for paddene.

– Vi ser at paddene har gitt bygda vår noko unikt, seier Maria Sundal, leiar i Austefjord grendalag. Ho legg til at austefjordingane nok ikkje alltid har sett like positivt på dette dyret. Men arbeidet med Kvisvegen har sett fokus på paddene sin situasjon.

Maria Sundal på Paddeplassen.

Maria Sundal er leiar i Austefjorden grendalag.

Foto: Terje Reite / NRK

Turistattraksjon

Når Paddeplassen, med den store paddestatuen opnar, meiner grendalaget at dei kan ha fått ein ny turistattraksjon.

Paddeanlegget i Austefjorden

Paddeanlegget som skal føre paddene til Lisjevatnet.

Foto: Terje Reite / NRK

Vi ser at ikkje minst barnefamiliar stiller opp når vi arrangerer paddesafari. Og vi vonar at særleg barnefamiliar vil svinge av hovudvegen og ta ein stopp her på denne fine Paddeplassen, seier Sundal til NRK.

Lisjevatnet, paddene i Austefjorden bur her.

Lisjevatnet, her lever paddene om sommaren.

Foto: Terje Reite / NRK

Paddane i dette området er blant dei mest trua virveldyra i verda. Dei kan bli 30 år gamle, men det mest vanlege er at dei blir 6-7 år.

Paddane overvintrar under røter og steinar i lia ovanfor vegen. Tidleg på våren kryp hannen opp på ryggen på den utvalde hoa. Slik ber han henne ned bakkane og ned til Lisjevatnet som ligg på den andre sida av den nye Europavegen som går gjennom bygda.

Paddane brukar jamt over 30 minutt på å krysse vegen. Og for å sikre at denne unike, trua paddestammen skal overleve, har vegvenenet laga tunnelar og leidegjerde då Kvivsvegen (som blir den nye E39) blei bygt.

Slik kan paddane vandre trygt mellom overvintringsområdet og område ved Lisjevatnet der dei lever i sommarhalvåret.